Pretty Little Head av Paul McCartney
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Pretty Little Head» er ein song av Paul McCartney,[1] skriven av McCartney og 10cc-gitaristen Eric Stewart. Sonen kom ut på albumet Press to Play og var den 38. singelen til McCartney. Songen nådde ikkje singellistene. I eit forsøk på å auke salet vart dette den første singelen McCartney gav ut på kassett.[1] Han nådde likevel ikkje salslista.[1]
Remove ads
Utgjeving
Singelen vart korta ned frå kring 5 minuttar på albumet til 3:50 på singelen (miksa av Larry Alexander), og på 12"-utgåva i ein 6:56 lang remix (miksa av John Potoker). Eit ekstra spor, «Angry», vart òg gjeven ut på 12"-versjonen.[1] Kassettversjonen var lik 12"-versjonen og kom ut 17. november 1986.[1]
Innhald
- 7"(R 6145)
- «Pretty Little Head» – 3:50
- «Write Away» – 3:01
- 12" (12R 6145)
- «Pretty Little Head» – 6:56
- «Angry» (Remix) – 3:36
- «Write Away» – 3:01
Video
Det vart laga ein musikkvideo, regissert av Steve Barron, til songen,[1] med ei jente som rømmer heimefrå etter å ha sett foreldra krangle. Jenta vert spelt av Gabrielle Anwar. McCartney er berre med i videoen ei kort stund.[1]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads