Press to Play

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Press to Play er det sjette soloalbumet til den engelske musikaren Paul McCartney, utgjeve i august 1986. Det var det første albumet til McCartney med ny musikk sidan Pipes of Peace i 1983, og det første soloalbumet hans som vart gjeve ut internasjonalt på EMI. Etter dårleg kritikk for musikalfilmen Give My Regards to Broad Street i 1984, ønskte McCartney å slå attende, og henta inn produsenten Hugh Padgham, som hadde vore produsent for Peter Gabriel, Phil Collins, Genesis, The Human League, The Police og XTC, for å gje albumet ein moderne stil.

Meir informasjon Paul McCartney-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Press to Play fekk blanda kritikk då det kom ut og fram til då hadde ingen tidlegare album av McCartney seld så svakt. Det nådde ikkje Topp 20 i Amerika, men klarte ein åttandeplass i Storbritannia på albumlista der. Det selde òg til gullplate i Storbritannia i september 1986.[10] Det vart gjeve ut fire singlar frå Press to Play: «Press», «Pretty Little Head», «Stranglehold» og «Only Love Remains». «Press» vart ein liten hit og nådde 21. plassen i USA. I musikkvideoen kan ein sjå McCartney vandre rundt på Piccadilly Circus stasjon i London, tar undergrunnsbanen og snakkar med folk der.

Remove ads

Innspeling

Det var fleire gjestemusikarar på albumet, som 10cc-gitaristen Eric Stewart, som var medlåtskrivar på seks av ti songar på albumet. Andre musiakrar var The Who-gitaristen Pete Townshend, Genesis-trommisen og vokalisten Phil Collins og Split Enz-klaverspelaren Eddie Rayner. Carlos Alomar spelte òg gitar på fleire songar.[11]

Plateomslaget

På plateomslaget kan ein sjå Paul McCartney og den dåverande kona Linda McCartney. Fotografiet vart teken av George Hurrell med det same bokskameraet han brukte i Hollywood i 1930- og 1940-åra.[12] Hurrell var kjend for å ta bilete av filmstjerner på den tida, som Clark Gable og Greta Garbo, og plateomslaget var meint å hylle desse.[13]

Utgjeving

«Press» er ein glatt popsong som kom ut i juli 1986 og vart den einaste hitten frå albumet. Sjølve Press to Play kom ut 25. august i USA[14] og 1. september i Storbritannia.[15] Det fekk lunkne meldingar[16] og selde ikkje særskild godt til å vere McCartney.[17]

Albumet nådde åttandeplassen i Storbritannia, og var berre ei kort stund på lista, medan det berre nådde 30. plassen i USA og berre selde kring 250 000 eksemplar.[18] Dei neste singlane, «Pretty Little Head» og «Only Love Remains», selde dårleg.

I 1993 vart Press to Play nymastra og gjeve ut på CD som ein del av serien The Paul McCartney Collection. Hitten «Spies Like Us» frå 1985 og ein alternativ miks av «Once Upon a Long Ago» kom med som bonusspor.

Innhald

Alle songar er skrivne av Paul McCartney og Eric Stewart, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Side to
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Produksjon
  • Paul McCartney – produsent
  • Hugh Padgham – produsent
  • Hugh Padgham – lydteknikar
  • Tony Clark – assisterande lydteknikar
  • Jon Kelly – assisterande lydteknikar
  • Peter Mew – assisterande lydteknikar
  • Matt Howe – assisterande lydteknikar
  • Steve Jackson – assisterande lydteknikar
  • Haydn Bendall – assisterande lydteknikar
  • Hugh Padgham – miksing utanom «Press» miksa av Bert Bevans og Steve Forward; og «It's Not True» miksa av Julian Mendelsohn.
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1986), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads