Prince Charming

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Prince Charming er det tredje studioalbumet til Adam and the Ants, og det siste oppført under dette namnet. Framtidige album vart berre tilskrivne Adam Ant. Albumet kom ut i november 1981. Dette albumet vart spelt inn med bassisten Gary Tibbs i staden for Kevin Mooney, som hadde spelt bass på Kings of the Wild Frontier. Albumet inneheld dei to listetoppane til bandet i Storbritannia, «Stand and Deliver» og «Prince Charming», i tillegg til «Ant Rap».

Meir informasjon Adam and the Ants-kronologi, Singlar frå ...

Albumet nådde andreplassen på den britiske albumlista og fekk middels mottaking frå kritikarane.

Songen «Five Guns West» vart nytta i Roger Corman-filmen Five Guns West.

Remove ads

Utgjeving

Prince Charming kom ut i november 1981 på CBS Records. Albumet inneheld to singlar som begge gjekk til topps på den britiske singellista, «Stand and Deliver» (med ein annan slutt enn singelversjonen) og «Prince Charming», som nådde toppen av lista i høvesvis april og september 1981. Singelen «Ant Rap» nådde tredjeplassen på lista i januar 1982, då han vart remiksa.

Albumet vart ommastra og gjeve ut på ny i 2004 med seks bonusspor.

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Ian Birch skreiv i Smash Hits i november 1981 om albumet og gav det fem av ti. Han sa «Borte er dei sterke melodiane som gjorde Kings of the Wild Frontier så avhengigheitsskapande. I staden er her utførlege detaljar (introane er høgdepunkta her)...Overflata kan sjå glatt ut, men det er ikkje ei erstatning for gode songar.»[3] I ei seinare melding skreiv Stephen Thomas Erlewine i AllMusic at «songane er berre ikkje der», og at «det har ein stil og lyd, som når ein ser attende på det, ikkje er så galen»,[1] medan Rolling Stone kalla det «nøyaktig det same albumet som Kings of the Wild Frontier, om ein ser bort frå at omslaget er blått.»[2] Trouser Press kalla det «skuffande» og at «mykje av plata verkar tvungen, grettent og dumt.»[4]

Remove ads

Påstått plagiat

Songen «Prince Charming» har ein sterk musikalsk likskap til Rolf Harris-songen «War Canoe» frå 1965 og i mars 2010 hevda Harris på BBC Radio 5 Live-programmet Danny Baker Show at dei hadde kome til semje utanfor retten om ein større sum honorar etter at ein musikkforskar kom fram til at dei to songane var musikalsk identiske.[5] «Prince Charming»-produsenten Chris Hughes har sagt at Harris trekte attende søksmålet «med litt knising» då Adam Ant peikte på at begge songane låner kraftig frå ei gammal Maori-innspeling av ein 'War Canoe'-aktig song.[6]

Innhald

Alle spor skrivne av Adam Ant og Marco Pirroni

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Adam and the Ants
Teknisk

Salslister

Meir informasjon Liste (1981–82), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads