Stand and Deliver av Adam and the Ants

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Stand and Deliver» er ein song av det britiske new wave-bandet Adam and the Ants, gjeven ut som den første singelen frå det tredje albumet deira, Prince Charming (1981). Han var den første førsteplassen til bandet i Storbritannia og låg fem veker på toppen av lista.[1] Han blei den tredje best selde singelen i landet i 1981.[2] Frasen «stand and deliver — your money or your life», som er nytta i teksten er ofte assosiert med landevegsrøvarar på 1700-talet i England.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

På den amerikanske dance-lista nådde «Stand and Deliver» 38. plassen.[3]

Remove ads

Musikkvideo

Kostymet og det generelle plottet i videoen syner ein sterk inspirasjon frå Monty Python-sketsjen «Dennis Moore» frå 1973, sjølv om landevegsscenariet òg nyleg hadde vore grunnlaget for den britiske TV-serien Dick Turpin med Richard O'Sullivan i hovudrolla. Videoen syner Adam Ant kledd som ein «dandy highwayman» som trugar offera sine med eit spegelbilete av dei sjølv i lite moteriktige klede. Han vert fanga men klarar å unngå å bli hengd etter å ha fått hjelp av venen sine (bandkollegaene).

Remove ads

Andre utgåver

«Stand and Deliver» er blitt spelt av Poppy og av indieband (Society Burning, Lynyrd's Innards[4]). Sugar Ray gav ut den første kjende coverversjonen i 1997 på albumet Floored.

I 2015 vart songen stemt fram som den 15. beste førsteplassen frå 1980-åra i ei undersøking på ITV.[5]

No Doubt-versjonen

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

I 2009 spelte det amerikanske rockebandet No Doubt inn ein versjon av «Stand and Deliver».[6] Dei framførte songen som det oppdikta 80-talsbandet Snowed Out i ein episode av dramaserien Gossip Girl i 2009. Han vart etter kvart gjeven ut som bonusspor på luksusutgåva av det sjette studioalbumet deira, Push and Shove, som kom 21. september 2012.[7]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads