Priyanka Chopra
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Priyanka Chopra Jonas (fødd 18. juli 1982) er ein indisk filmskodespelar og songar, og vinnar av Miss India World og Miss World i 2000. Gjennom karrieren sin som filmskodespelar har Chopra vorte ein av dei best kjende skodespelarane i Bollywood, og er ein av dei mest populære kjendisane i India. Ho har vunne ein nasjonal filmpris for beste skodespelar, og ei rekkje andre prisar. Ho er kusine av skodespelaren Parineeti Chopra.
Remove ads
Liv og virke
Bakgrunn
Begge foreldra til Priyanka Chopra var lækjarar i den indiske hæren, noko som medførte at familien ofte måtte flytta rundt i barndommen hennar. Ho reknar Bareilly, som ligg 220 km aust for Delhi, som den eigentlege heimen sin. Som tenåring budde ho nokre år hos ei tante i USA. I 2000 melde mora hennar henne på ei venleikstevling kalla Femina Miss India der ho hamna på andreplass, noko som gav henne tittelen som Miss India World og kvalifisert for å delta i Miss World-konkurransen. Ho vart krona som Miss World i 2000, den femte frå India som har vorte det.
Sjølv om ho ein gong vurderte å studera ingeniørvitskap, valde ho heller å ta imot tilbod frå den indiske filmindustrien som eit resultat av titlane hennar i venleikskonkurransane.
Skodespelar
Debutfilmen hennar var tamilske Thamizhan i 2002. Året etter spelte ho i The Hero, den første hindifilmen hennar. Denne vart følgd av suksessen Andaaz som gav henne ein pris for beste kvinnelege debut. Ved 2006 hadde ho etablert seg som ein leiande skodespelar i hindifilm med ei rekkje hovudroller i filmar som Krrish og Don. Etter å ha fått blanda mottaking for ei rekkje mindre suksessfulle filmar, fekk ho gode meldingar for portrettet hennar av ukonvensjonelle figurar, inkludert ein plaga modell i dramaet Fashion frå 2008, ein livleg marathikvinne i thrilleren Kaminey frå 2009, som ein seriemordar i 7 Khoon Maaf frå 2011 og som ei autistisk kvinne i den romantiske komedien Barfi! frå 2012.
Ho har fått ytterlegare kommersiell suksess ved å delta i filmar som den fartsfylte thrilleren Don 2 (2011) og hemndramaet Agneepath (2012), alle var blant dei mest setja indiske filmane nokosinne.
I tillegg til å spela i filmar har ho delteke i ei rekkje show, leidde eit reality-TV-program på indisk fjernsyn, skrive faste spaltar i indiske aviser og vore oppteken av veldedig arbeid. Blant anna vart ho utnemnd som UNICEF sin Goodwill-ambassadør for rettane til barn den 10. august 2010. I 2012 gav ho ut sin første musikksingel, «In My City». Den andre singelen hennar, «Exotic», kom i 2013, og gjekk inn på listene i land som blant anna USA og Canada.
Remove ads
Filmar (utval)
Remove ads
Prisar og utmerkingar
Chopra mottok den indiske utmerkinga Padma Shri for det kunstneriske virket sitt i 2016.[1]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads