Pyongyang
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
P'yŏngyang (Pyeongyang) er hovudstaden og den største byen i Nord-Korea. Han ligg ved elva Taedong, nordvest i landet. Pyongyang ligg 200 km nordvest for Seoul i Sør-Korea.[2]
Byen hadde 2,7 millionar innbyggjarar i 1993, om lag 3,2 millionar i 2008,[3] og 2,8 millionar i 2015.
Remove ads
Namn
McCune-Reischauer | P'yŏngyang Chik'alshi |
Romanisert koreansk | Pyeongyang Jikhalsi |
Hangul | 평양 직할시 |
Hanja | 平壤直轄市 |
Historie
Soga fortel at byen blei grunnlagd som Wanggŏmsŏng i 2333 f.Kr og blei ein storby i riket Go-Joseon. I 427 blei hovudstaden i Goguryeo flytta hit. Etter at dette riket fall blei byen vesthovudstad igjen under Goryeo-dynastiet.
Byen var okkupert av japanske styrkar frå 1910 til slutten av den andre verdskrigen og deretter av Sovjetunionen. Han blei mellombels hovudstad i Folkerepublikken Korea i 1948 då denne kjempa for å ta tilbake den offisielle hovudstaden sin Seoul.
Byen blei lagt i ruinar av bombeåtak frå USA under Koreakrigen. Etter krigen blei han raskt bygd opp igjen, delvis støtta av Sovjetunionen.[2] Han er no prega av betongbygg i stalinistisk stil.

Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads