QE2
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
QE2 er det sjette studioalbumet til Mike Oldfield, gjeve ut i 1980 på Virgin Records. Albumet er kalla opp etter cruiseskipet RMS «Queen Elizabeth 2».
Remove ads
ALbumet inneheld både originale Oldfield-komposisjonar og to coverversjonar («Arrival» av ABBA og «Wonderful Land» av The Shadows).
Sjølv om albumet nådde 11. plassen på den tyske albumlista, vart albumet det bestseljande albumet i Tyskland i 1981.[2]
Remove ads
Info
Det lengste sporet på albumet er «Taurus I» på 10 minutt og tittelsporet, «QE2», på sju minutt. Nokre år seinare svarte The Shadows på Oldfield sin versjon av «Wonderful Land» med å spele inn ein versjon av Oldfield sin «Moonlight Shadow». Coversongane vart gjevne ut som singlar.
Albumet var det første Oldfield spelte inn med Maggie Reilly på vokal. Somme av spora på albumet inneheld vokal sungen gjennom ein vocoder. «Conflict» har eit utdrag frå J.S. Bach sitt «Badinerie» (den siste delen av Bach sin Orkestersuite nr. 2 i b-moll). Teksten for «Celt» vart skriven av Tim Cross.
«Molly» vart skriven for dottera hans, Molly Oldfield, som seinare spelte klaverinstrument på The Songs of Distant Earth og var ein del av prosjektet Songs for Survival.
Oldfield marknadsførte albumet med den europeiske Adventure-turneen frå mars til august 1981.
Albumet og tittelsporet var kalla opp etter det då 11 år gamle cruiseskipet til Cunard Line, RMS «Queen Elizabeth 2». Plateomslaget verkar å vere eit nærbilete av sida på skipet, med Plimsoll Line i nedre venstre hjørne.
Remove ads
Innhald
Nyutgjeving
Albumet kom ut på ny på Mercury Records den 30. juli 2012.
Den første plata inneheld originalplata med bonussongar, og den andre plata (som kom med luksusutgåva) er eit konsertopptak spelt inn på tida då albumet kom ut. Konserten vart spelt inn i april 1981 i Essen i Tyskland under turneen til Oldfield det året.
Medverkande
- Mike Oldfield – akustisk gitar, afrikanske trommer, banjo, bassgitar, keltisk harpe, trommemaskin, elektrisk gitar, mandolin, marimba, perkusjon, piano, rytmepinne, spansk gitar, synthesizer, pauker, vibrafon, vocoder og vokal
- English Chorale – vokal
- Guy Barker – trompet
- Phil Collins – trommer
- Tim Cross – piano, synthesizer
- Raul D'Olivera – trompet
- Mike Frye – afrikanske trommer, vocoder, trommer, pauker, hi-hat
- David Hentschel – synthesizer, trommer, vokal, horn arrangement
- Paul Nieman – trombone
- Morris Pert – trommer
- Maggie Reilly – vokal
- Dick Studt – strykarar
- Philip Todd – tenorsaksofon
- Strykarar og kor arrangert av David Bedford
- Teknisk
- Simon Johnston – assisterande lydteknikar
- Peter Greenslade – assisterande lydteknikar
- Richard Barrie – teknisk rådgjevar
Remove ads
Salslister
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads