Platinum av Mike Oldfield

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Platinum er det femte studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut 23. november 1979 på Virgin Records. Det var det første albumet til Oldfield med kortare songar og musikk skriven av andre. Ei endra utgåve av albumet kom ut i USA og Canada med tittelen Airborn.

Meir informasjon Mike Oldfield-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Albumet vart marknadsført med konsertar frå april til desember 1980. I Tyskland nådde albumet 11. plassen. Albumet har sidan kome ut på ny med bonusspor.

Remove ads

Songar

Side ein

Den første sida inneheld det 19 minuttar lange tittelsporet delt inn fire delar: «Airborne», «Platinum», «Charleston» og «North Star/Platinum Finale». Dei to første delane er basert på melodi som hovudsakleg er framført på elektrisk gitar; den første er langsam med mange endringar, medan den andre har ein enkel rytme og er meir gjentakande. «Airborne» var kjenningsmelodien for barne-TV-showet First Class på BBC i 1980-åra.[3] «Charleston» er eit komisk stykke med ein enkel rytme og ein svingande melodi med blåsarar. Ein kvinneleg vokalist legg til vokalisering, medan Oldfield bidrag med scat-synging i ein kviskrande tone. «North Star/Platinum Finale» inneheld utdrag frå Philip Glass-komposisjonen «North Star» frå 1977. Hovudmelodien er ikkje lånt frå Glass, men korpartiet er. Den konstante basstromma og oktavbassen startar seksjonen og gitaren, som spelar melodien, kjem inn seinare. Eit funky gitarriff og kor kjem så inn og sologitaren held fram å spele melodien over dette. Lydteknikaren på plata, Kurt Munkacsi, samarbeidde òg ofte med Glass.

Side to

«Woodhenge» er ein instrumental kalla opp etter Woodhenge, eit steinaldermonument nær Stonehenge. På Airborn, alternative versjonen av Platinum i Nord-Amerika, var sporet erstatta av den discoaktige «Guilty».[4]

«Sally» er ein song skriven og sungen av Oldfield og Nico Ramsden som ei hyllest til Sally Cooper, kjærasten til Oldfield på den tida, som spelar røyrbjøller på albumet.[5] Kort tid etter albumet kom ut, vart «Sally» erstatta av ein annan song, «Into Wonderland», sungen av Wendy Roberts.[5] Dei tidlegaste utgåvene av LP-plata og kassetten syner framleis feilaktig «Sally» i omslaget.[6] Seinare utgåver av Platinum har korrekt ført opp «Into Wonderland».[7]

Delar av songen har overlevd på den andre versjonen av albumet, då dei første 50 sekunda av «Punkadiddle» i røynda er siste del av «Sally». Denne kjappe delen, med same melodi som refrenget i songen, var ei musikalsk bru over til «Punkadiddle», og vart derfor teke med. Ein kan ofte finne «Sally» på piratkopiutgåve av albumet.[8]

Oldfield skreiv «Punkadiddle» som ein parodi på punkrocken. På scenen framførte han og bandet ofte denne songen i bar overkropp.

«I Got Rhythm» er ein coverversjon av ein song av George og Ira Gershwin, med arrangement av Oldfield.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Airborn

Airborn er ei alternativ utgåve av Platinum av Mike Oldfield, gjeve ut i Nord-Amerika i 1980. Den einaste skilnaden er at «Woodhenge» er byta ut med «Guilty». Somme spor verka å vere trykt i eit noko høgare tempo enn originalutgåva av Platinum og sporet Platinum Part Two: Platinum er fkorta med eit minutt, og er berre 5:04 på Airborn i staden for 6:06.

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Dobbel LP-utgåve

Det finst òg ei dobbel LP-utgåve der den første plata er ein versjon av Platinum og den andre er eit alternativt konsertopptak av Tubular Bells side ein frå same turné som gav Exposed, og ei blanding av studio- og konsertelement av Incantations og Tubular Bells på side 2. Denne utgåva kom òg på kassett i 1980 i ei avgrensa opplag.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Nytgjeving

Albumet kom ut att på ny på Mercury Records den 30. juli 2012, igjen med «Into Wonderland» i staden for «Sally». Den første plata inneheld originalinnspelinga med bonusspor, og den andreplata (av luksusutgåva) er eit konsertopptak spelt inn under to konertar på Wembley Arena i London i 1980. Nyutgjevinga nådde 100. plassen på UK Albums Chart den 5. august 2012.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Teknisk
Remove ads

Coversjonar og remiksar

Röyksopp tilpassa og miksa to delar av Platinum - «Platinum Part Three» og «Platinum Part Four», sistnemnde kalla «Meatball» - på Back to Mine: Röyksopp.

Salslister

Meir informasjon Liste (1979), Plassering ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads