Qalansawe

From Wikipedia, the free encyclopedia

Qalansawe
Remove ads

Qalansawe, òg Qalansuwa, (arabisk skrift قلنسوة, hebraisk skrift קַלַנְסֻוָה; ordet tyder «turban»)[2][3] er ein arabisk by i Sentral-Israel i Israel. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde byen mot slutten av 2007 eit folketal på 18 500, nesten utelukkande arabarar og nesten ingen jødar.[4] Qalansawe er ein del av Triangelet.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Remove ads

Historie

Thumb
Moské bygd på krossfararruinar

Frå 800-talet og fram til krossfarartida, var Qalansawe stoppestad på vegen mellom Kairo og Damaskus, mellom Lajjun og Ramla.[5]

I krossfarartida vart landsbyen kalla Calanson, Calansue, Calanzon eller Kalensue.[6] I 1128 vart han gjeven til Maltesarordenen av riddaren Godfrey av Flujea.[7][6] Yaqut (†1229) skreiv at Qalansawe og Planborga, som høyrte til krossfararane, var ei borg nær Ramla. Byen vart verande hos Johanittarordenen (utanom i 1187–1191) fram til Baibars tok han i 1265.[6] I denne perioden verka herren av Caesarea å ha heldt på herredøme.[6] Det finst restar av krossfararborga i dag.[6]

Osmansk tid

I 1596 stod Qalansawa oppført i osmanske skattelister som ein del av Bani Sa'b nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 29 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[8]

Seint på 1800-talet vart landsbyen skildra som mellomstor og sete for ein kaymakam. I sentrum av landsbyen stod eit krossfarartårn og sal, omgjeve av landsbyhus, hovudsakleg laga av adobe. Brunnar og ei kjelde i vest gav dei vatn.[9]

Palestinamandatet

I folketeljinga i 1931, utført av dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Qalansawe 225 hus og eit folketal på 1 069 muslimar, inkludert nærliggande beduinleirar.[10]

I 1945 hadde landsbyen 1540 arabiske innbyggjarar, som i alt eigde 17 249 mål land.[11]

1948 og seinare

Under den israelsk-arabiske krigen 1948 gjekk jødiske styrkar for å erobre og øydeleggje Qalansawe,[12] men landsbyen vart ikkje teken[13] og berre overført til israelsk suverenitet i mai 1949 som ein del av den israelsk-jordanske våpenkvileavtalen.[14] Politiske omsyn hindra at landsbybuarane vart forviste.[15]

I 1962 hadde landområdet til landsbyen falle til 6 620 mål, hovudsakleg på grunn av ekspropriasjon av landområde av Israel i 1953–1954.[16]

Remove ads

Sjå òg

  • Arabiske stader i Israel

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads