Qarmaq

From Wikipedia, the free encyclopedia

Qarmaq
Remove ads

Qarmaq (inuktitut, fleirtal qarmat)[1] er ein type eittromsbustad brukt av inuittar i mellomårstidene.[2] For sentral-inuittar frå Nord-Canada viser det til ein hybrid av telt og iglo, eller telt og torvhus. For kalaallitar frå Grønland viser qarmaq til veggane i bustaden.[3] Ein bygde desse bustadane om våren og hausten. Dei har eit rundt grunnplan. Alt etter årstid bygde ein underdelen av snøblokker, torv eller stein, reisverket av bein og øverdelen av skinn eller lerret.[4][5]

Thumb
Restar etter ein qarmaq frå Thule-kulturen i Ukkusiksalik nasjonalpark.
Thumb
Qarmaq med rekonstruert tak av kvalbein nær Resolute i Nunavut.
Thumb
Torvhus fotografert i Alaska på byrjinga av 1900-talet
Remove ads

Historie

Qarmaqar blei brukte så tidlig som av Thule-kulturen, hovudsakleg i den kalde årstida. Om vinteren budde dei også i iglo, særleg under reiser, men ein føretrekte qarmaq når det var mogleg. Bustadtypen blei brukt av inuittar fram til 1950-talet.

Bygging

Å finna den rette staden å reisa ein qarmaq på omfatta ei forståing av den geologiske utforminga av eit område i høve til vêrtilhøva. Menn, kvinner og barn var med på bygginga.[6]

Snøqarmaq

Menn samla og sette saman steinblokker og rammeverk. I mangel av tømmer var rammeverket vanlegvis laga av bein, gjerne kvalbein. Kvinner og barn samla tundramose til å tetta sprekker, og preparerte skinn for taktekking og ytterkleding. Etter at vintersnøen kom, brukte mennene lange kniver til å skjera opp snøblokker, og plasserte dei i ei utoverstilt stilling for å gje meir vern. Om det ytre dekselet blei øydelagt av vêret eller av dyr som ulv eller rev, lappa kvinnene det, ofte med numne fingre i den iskalde og biande vinden.[7]

Torvqarmaq

Sommertelta, som var enkle å transportere, blei erstatta av torvqarmaq om hausten.[8]

Remove ads

Innreiing

Qarmaqar blei varma og lyste opp av ein seloljelampe eller qulliq. Soveområdet var noko opphøgd, og polstra med karibupelsar.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads