Róbert Vittek

slovakisk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Róbert Vittek
Remove ads

Róbert Vittek (fødd 1. april 1982) er ein slovakisk fotballspelar som for tida spelar for den tyrkiske klubben MKE Ankaragücü.

Kjappe fakta Personleg informasjon, Fullt namn ...
Remove ads

Karriere

Vittek starta karrieren sin i heimklubben Slovan Bratislava i 1999. I 2003 gjekk han over til 1. FC Nürnberg, som på den tida låg i andre divisjon i den tyske Bundesligaen, men som rykte opp til 1. divisjon (og øvste divisjon) i 2004/05-sesongen. I Nürnberg hadde Vittek litt varierande prestasjonar, men i andre halvdel av 05/06-sesongen spela han så bra at fleire internasjonale klubbar vart interesserte i han. Til slutt skifte han til franske Lille OSC i 2008. Den fyrste februar 2010 forlét Vittek Lille og signerte ein halvtårs låneavtale med tyrkiske MKE Ankaragücü. Seinare same året kjøpte Ankaragücü overføringsbeløpet frå Lille, og Vittek spelar framleis for den tyrkiske klubben.

Vittek har også spela på det slovakiske landslaget sidan 2001. Under fotball-VM 2010 i Sør-Afrika vart Vittek Slovakia sin toppscorar med til saman fire mål. Slovakia vart slått ut av Nederland i ein åttandedelsfinale i denne meisterskapen.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads