Røssvatnet
innsjø i Hattfjelldal og Hemnes i Nordland From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Røssvatnet i Nordland er med eit areal på 219 km² den nest største innsjøen i Noreg. Innsjøen har det sørsamiske namnet Reevhtse.[1]
Røssvatnet ligg i kommunane Hattfjelldal og Hemnes i Nordland fylke, 383 meter over havet. Røssvatnet renn ut i Ranfjorden ved Korgen gjennom Røssåga. Vatnet vart regulert i 1957. Ved reguleringa vart vatnet demt opp 9 meter, og arealet auka slik at Røssvatnet passerte Femunden på lista over dei største innsjøane i Noreg. Tustervatnet blei no ein del av innsjøen. Magasinvolumet er noko større (2,3 milliardar kub. m.), enn oppdemma volum (2,2 milliardar kub. m.).
Ved Røssvatnet er det funne spor av busetjing heilt attende til steinalderen. Gardane langs Røssvatnet vart i hovudsak rydda utover 17- og 1800-talet. Mange av dei mista mykje dyrka jord ved reguleringa på 1950-talet.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads