Rab

From Wikipedia, the free encyclopedia

Rab
Remove ads

Rab (italiensk Arbe, latin Arba) er ei lita øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia, og i Primorje-Gorski Kotar fylke. Øya var tidlegare grensa mellom Liburnia og Dalmatia.

Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...

Øya er 22 km lang med eit areal på 93,6 km² og 8 268 innbyggjarar (2021).[1] Den høgaste toppen på øya er Kamenjak med 408 meter. Nordaustsida av øya er stort sett aude med karstbergartar, medan sørvestsida er dekt av grøne furuskogar. Øya er i dag ein populær feriestad med vakre strender og mange hendingar, mellom anna ei arbalestturnering og ein mellomalderfestival.

Den gamle hovudbyen på øya heiter òg Rab. Han har 364 innbyggjarar (2021)[1] og ligg på ei lita halvøy på sørvestsida av øya. Det går ferjer frå øya til fastlandet ved Jablanac og til naboøya Krk.

Administrativt vart den nordlege delen av øya skild ut til landkommunen Lopar i 2006,[2] medan resten av øya høyrer til bykommunen Rab.

Remove ads

Historie

Byen Rab har ei lang historie som går tilbake til 360 fvt. då han vart grunnlagd av illyrarane. Frå 200-talet fvt. til 500-talet evt. var Rab ein del av Romarriket. Den romerske keisaren Augustus erklærte øya eit municipium i år 10. Han vart den første landsbyen i det romerske Dalmatia, som fekk ærestittelen felix. Heilage Marinus, den kristne grunnleggjaren av San Marino, kom opphavleg frå Rab, men skal ha flykta frå øya i 301 under kristenforfølgingane til Diokletian.

I mellomalderen var Rab ein del av Austromarriket, og ein kort periode ein del av Kongedømet Kroatia. I 1358 kom øya under styret til Kong Louis den store, Angevin-herskaren av Ungarn. Frå renessansen var øya styrt av Venezia, og frå 1800-talet vart ho ein del av Austerrike-Ungarn, fram til det vart oppløyst. Øya var så italiensk før ho vart ein del av Jugoslavia etter 1945.

Under den andre verdskrigen oppretta det fasicistiske Italia Rab konsentrasjonsleir på øya, der over tusen menneske vart drepne mellom 1942 og 1943. I 1953 vart det oppretta eit minnesmerke for dei falne ved landsbyen Kampor.

Dei fire kyrkjetårna vart eit symbol på byen og øya. Det eldste av desse går heilt tilbake til 1000-talet. Den verste katastrofen på øya var utbrotet av ein byllepest i 1456, kraftig reduserte folketalet.

Remove ads

Folketal

Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane, fordelt på kommunane, var:

Meir informasjon Folketal 2001, Folketal 2011 ...

Busetnadene på øya ved dei siste folketeljingane var:

Meir informasjon Kommune, Folketal 2001 ...
Remove ads

Merknader

  1. Skild ut som eigen kommune i 2006
  2. I 2001 som del av Rab kommune

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads