Rage in Eden
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rage in Eden er det femte studioalbumet til det britiske new wave-bandet Ultravox. Det kom ut i 1981 på Chrysalis. Albumet nådde fjerdeplassen på den britiske albumlista og selde til gullplate i Storbritannia for meir enn hundre tusen selde eksemplar.
Remove ads
Innhald
Musikkstilen på albumet er den same elektroniske new wave-stilen som bandet utvikla på dei to førre albuma, Systems of Romance og Vienna, men har ein meir kompleks og introspektiv stil. Albumet inneheld fleire lengre spor og dei siste tre spora heng saman i ein einaste lang sekvens. Tekstane består av mange obskure og surrealistiske bilete. Refrenget på tittelsporet «Rage in Eden» er refrenget på «I Remember (Death in the Afternoon)» spelt baklengs.[4][5]
Remove ads
Bakgrunn
Som på dei to førre albuma deira, vart Rage in Eden samprodusert av Conny Plank. Det vart spelt inn i studioet hans i Köln i Vest-Tyskland. Det abstrakte plateomslaget vart designa av Peter Saville, som var kjend for samarbeidet sitt med New Order. Alle nyutgjevingane av albumet sidan 1981 har eit anna plateomslaget, på grunn av lisensproblem med det originale omslaget.
Ei ommastra utgåve kom ut 22. september 2008, med ei ekstra plate med sjeldne og tidlegare ikkje-utgjevne materiale. I tillegg til dette er det originale omslaget nytta.
«The Thin Wall» og «The Voice» vart gjevne ut på singlar frå albumet.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Warren Cann, Chris Cross, Billy Currie og Midge Ure
Salslister
Album
Singlar
Salstrofé
Medverkande
- Ultravox
- Warren Cann – trommer, elektronisk perkusjon, vokal, (solovokal på «Paths and Angles»)
- Chris Cross – bass, synthesizer, vokal, (gitar på «Paths and Angles»)
- Billy Currie – synthesizer, piano, fiolin, bratsj
- Midge Ure – solovokal, gitar, synthesizer (utanom «Paths and Angles»)
- Andre medverkande
- Conny Plank – produsent, lydteknikar
- Peter Saville Associates – originalt plateomslag
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads