Quartet av Ultravox

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Quartet er det sjette studioalbumet til det britiske new wave-bandet Ultravox, gjeve ut i oktober 1982. Albumet nådde sjetteplassen på UK Albums Chart og selde til gull i Storbritannia i desember 1982 for 100 000 selte eksemplar. Det nådde òg 13. plassen i Tyskland og 61. plassen i USA.

Meir informasjon Ultravox-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Bakgrunn

Albumet vart produsert av George Martin, som er mest kjend for arbeidet sitt med The Beatles. Etter tre album produsert av Conny Plank, byta Ultravox produsent. Vokalisten og gitaristen Midge Ure forklarte: «Det var byrja å bli litt trygt. Me visste at om me spelte inn ei ny plate med han, kom det til å bli flott og me kom til å bli nøgd. Men det ville ikkje vere noko spanande.»[5] Martin valde å ta jobben fordi dottera hans var fan av Ultravox.[5] Plateomslaget vart designa av Peter Saville.[6]

Remove ads

Utgjeving

Albumet kom ut i oktober 1982 og det vart gjeve ut i alt fire singlar frå plata, «Reap the Wild Wind», «Hymn», «Visions in Blue» og «We Came to Dance», som alle nådde topp 20 i Storbritannia. Albumet kom òg ut på ei biletplate på vinyl, ein kassett, og i 1983 på CD.[7] Bandet marknadsførte albumet med «Monument Tour» seint i 1982 og ein av konsertane her frå vart teken opp og gjeven ut på eit album og ein video i 1983.

Quartet vart ommastra og gjeve ut på CD på EMI i 1998 med B-sidene til kvar av singlane som bonusspor. Ei dobbelplate med opptak som ikkje var gjevne ut før kom ut i februar 2009.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Warren Cann, Chris Cross, Billy Currie og Midge Ure

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Ultravox
Andre medverkande
  • George Martin – produsent
  • Geoff Emerick – lydteknikar
  • Mark Freegard innspeling og miksing av «Break Your Back» i Wessex Studios
  • Jon Jacobs – assistent
  • Peter Saville – design

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads