Raised on Radio

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Raised on Radio er det niande studioalbumet av det amerikanske rockebandet Journey, gjeve ut i april 1986 på Columbia Records. Det er det einaste Journey-albumet utan bassisten Ross Valory, som her vart erstatta av studiomusikarane Randy Jackson og Bob Glaub. Trommeslagaren Steve Smith bidrog på eit par spor, men vart sidan erstatta av Larrie Londin og Mike Baird.

Meir informasjon Journey-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet inneheldt tre topp 20-singlar i USA: «Girl Can't Help It» (nr. 17), «I'll Be Alright Without You» (nr. 14) og «Suzanne» (nr. 17). Det inneheldt òg topp 10-singelen «Be Good to Yourself» (nr. 9)[3] Albumet nådde fjerdeplassen på Billboard 200-lista,[4] og selde til dobbel platinaplate i USA.[5]

Remove ads

Bakgrunn

Raised on Radio kom ut tre år etter Frontiers (1983). I 1984, gav både gitaristen Neal Schon og songaren Steve Perry ut album kvar for seg. Schon i bandetHSAS (Through the Fire) og Perry med det første soloalbumet sitt, Street Talk. Perry vurderte å forlate Journey etter Street Talk, som han omtalte som noko av det kjekkaste han hadde gjort. Perry valde å kome attende til Journey etter å ha hatt ein telefonsamtale med klaverspelaren Jonathan Cain, som ønskte å arbeide med han på nokre uferdige songar.[6]

Etter at Perry kom attende til Journey, byrja han å ta meir kontroll over retninga til bandet. Bassisten Ross Valory og trommeslagaren Steve Smith fekk begge sparken frå bandet, mot ønska til managerenHerbie Herbert. I følgje Perry, var ikkje Valory og Smith «nøgde med å spele den typen musikk me spelte og ønskte ikkje å turnere».[6] Smith sa seinare opp den tidlege innspelingsprosessen: «Det var mykje press om å gjere det slik Steve Perry ønskte det, som eg hadde mykje problem med fordi eg meinte det burde vere ei gruppeinnspeling, slik dei andre platene våre hadde vore.»[7] Valory og Smith vart erstatta av ymse studiomusikar på innspelinga av Raised on Radio, inkludert Randy Jackson (bassgitar) og Larrie Londin (trommer). I VH-1-programmet Behind the Music om bandet, sa Perry at han angra på avgjersla si. Smith spelte inn tre spor med Journey på albumet, og han og Valory fekk honorar frå plata og den påfølgjande turneen. Begge kom attende til Journey i 1995.

Bandet meinte at Perry, som hadde synt at han kunne fungere som produsent på Street Talk, var det beste valet til å produsere albumet. I følgje Perry gav dette resten av bandet så mykje kunstnarisk kontroll som dei kunne få: «Journey veit korleis det skal høyrast ut, så me var alle samde om at eg ville vere ein bra, trygg og ikkje-diktatorisk produsent.»[6]

Perry endra originaltittelen på prosjektet frå Freedom til Raised on Radio, som irriterte Herbert og somme av bandmedlemmane, sidan det ikkje følgde det faste mønsteret deira om å ha albumtitlar med berre eitt ord.

Studiotrommeslagaren Mike Baird og bassisten/korvokalisten Randy Jackson spelte i staden for Smith og Valory på den påfølgjande turneen.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Steve Perry, Jonathan Cain og Neal Schon, utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Bandmedlemmar
  • Steve Perry - solovokal, produsent
  • Neal Schon - gitar, korvokal, klaverinstrument på spor 10, gitarsynth
  • Jonathan Cain - klaverinstrument, korvokal, ekstra vokalproduksjon
Andre medverkande
  • Randy Jackson - bass, korvokal på spor 1, 3-9[8], 12 og 13
  • Bob Glaub - bass på spor 2, 10 og 11
  • Larrie Londin - trommer på spor 1, 3-9
  • Steve Smith - trommer på spor 2, 10 og 11
  • Mike Baird - trommer på spor 12 og 13 (berre2006-utgåva)
  • Dan Hull - saksofon på spor 2 og 7, harpe på spor 7
  • Steve Minkins - perkusjon på spor 3
Produksjon
  • Jim Gaines - med-produsent, lydteknikar
  • Mark McKenna, Steve Rinkoff - lydteknikar
  • Robert Missbach - assisterande lydteknikar
  • Bob Clearmountain - miksing i Bearsville Studios og Power Station Studios, New York
  • Randy Goodrum - ekstra vokalproduksjon
  • Bob Ludwig - mastering i Masterdisk, New York, ommastring
  • Brian Lee - ommastring

Salslister

Meir informasjon År, Liste ...
Remove ads

Salstrofé

Land Organisasjon År Salstal
USA RIAA 1989 2x Platinum (+ 2 000 000)[5]
Canada CRIA 1986 Gull (+ 50 000)[19]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads