Raising Sand

album av Robert Plant og Alison Krauss From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Raising Sand er eit album av rockesongaren Robert Plant og bluegrass-country-songaren Alison Krauss. Det kom ut 23. oktober 2007 på Rounder Records. Raising Sand vann prisen som årets album i USA i 2009.

Meir informasjon Kritikk, Robert Plant-kronologi ...
Remove ads

Bakgrunn

To songar av Gene Clark – «Polly (Come Home)» og «Through the Morning, Through the Night» – vart opphavleg spelt inn av Dillard & Clark for albumet Through the Morning Through the Night i 1969. «Rich Woman» vart først spelt inn av McKinley Millet (som L'il Millet) and his Creoles i 1955, for Specialty Records. «Please Read the Letter» vart først spelt inn av Page and PlantWalking into Clarksdale i 1998. «Gone, Gone, Gone» var opphavleg ein Everly Brothers-song for Warner Music i 1964. Dei spelte òg inn «Stick With me Baby» i 1960, for A Date with The Everly Brothers. «Trampled Rose» vart opphavleg skriven og spelt inn av Tom WaitsReal Gone i 2004.

Bortsett frå påverknaden frå vokalstilane og talenta til Plant og Krauss, har produsenten på albumet, T-Bone Burnett fått mykje av æra for den grunnleggande musikalske stilen på albumet.

Remove ads

Mottaking

Thumb
Alison Krauss spelar med Robert Plant i 2008

Albumet vart møtt mykje ros frå kritikarane og har ein middelscore på 87 frå innsamla meldingar på Metacritic.[1] Albumet vart av Rolling Stone kåra til det 24. beste i 2007.[2]

Songane på Raising Sand vart handplukka av produsent T-Bone Burnett. Entertainment Weekly skildra coversongane som utgjer albumet for «utsøkt».[3]

«Gone, Gone, Gone (Done Moved On)» vart gjeven ut på singel og vann Grammy Award for beste popsamarbeid med vokal. Songen «Killing the Blues» vart plassert på 51. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 beste songane i 2007.[4]

I 2009 vann albumet alle dei fem prisane det var nominert til på Grammy Award: Årets album, beste kontemporære folk/americana-album, årets singel («Please Read the Letter»), beste popsamarbeid med vokal (for «Rich Woman») og beste countrysamarbeid med vokal (for «Killing the Blues»).[5][6]

Albumet vart òg nominert for Mercury Prize i 2008 i Storbritannia.

I desember 2009 rangerte musikkmagasinet Rhapsody albumet på andreplass på lista deira over dei beste countryalbuma på 2000-talet.[7]

Remove ads

Albumlister

Albumet selde over 100 000 eksemplar i USA den første veka og debuterte på andreplass, den høgaste plasseringa for begge soloartistane (Plant hadde derimot oppnådd førsteplassar med Led Zeppelin fleire gonger).[8] Raising Sand selde til platinaplate i mars 2008.[9][10]

Albumet nådde òg andreplassen i Storbritannia i januar 2008 og i Noreg gjekk albumet heilt til topps på VG-lista.

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Andre musikarar
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads