Rakaiaelva

From Wikipedia, the free encyclopedia

Rakaiaelvamap
Remove ads

Rakaiaelva renn gjennom slettelandskapet Canterbury PlainsSørøyaNew Zealand.[1] Rakaia er ei av dei største forgreina elvene på New Zealand.[2] Elva har ei middelvassføring på 203 m³/s.

Kjappe fakta Land, Lengd ...

Rakaiaelva renn ut frå Søralpane, går 150 kilometer i austleg eller søraustleg retning før ho munnar ut i Stillehavet, 50 kilometer sør for Christchurch. Under det meste av ferda har elva eit forgreina elveløp, og renn gjennom ei vid grusseng. Nær Mount Hutt går ho eit kort stykke gjennom ein trong canyon, kjend som Rakaia Gorge.

I 1850-åra kalla europeiske nybyggjarar elva Cholmondeley River, men dette namnet gjekk ut av bruk.[3] Det går bruer over Rakaiaelva på to stadar. Den mest trafikkerte overgangen er ved den vesle byen Rakaia, 20 km frå elvemunningen, der hovudvegen, New Zealand State Highway 1 og jarnvegslinja South Island Main Trunk Railway kryssar elva på separate bruer. Desse to bruene er dei lengste veg- og jarnvegsbruene på New Zealand, om lag 1,75 km lange.[4] Ei anna bru, mykje kortare og mindre trafikkert, går over Rakaia Gorge.

Rakaia River er kjend for fisket av chinooklaks (Oncorhynchus tshawytscha)[5] Elva er elles kjend for den store bestanden av skeivnebblo (Anarhynchus frontalis engelsk wrybill) som utgjer 73 prosent av totalbestanden. Andre viktige fugleslag som lever ved Rakaia er maoriterne (Sterna albostriatus, engelsk Black-fronted Tern) og nyzealandbeltelo (Charadrius bicinctus, newzealandengelsk Banded Dotterel, britisk engelsk Double-banded Plover).[6]

Central Plains Water Enhancement Scheme, som er eit storstilt forslag til vass-avleiing, oppdemming, distribusjon og vatning for sentrale delar av Canterbury Plains, har føreslått å ta opp til 40 m³/sek. av vatnet i Rakaia River som ein del av forsterkinga av vatninga i desse områda.[7]

Thumb
Brua over Rakaia Gorge
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads