Ralph Doubell
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ralph Doubell (fødd 11. februar 1945) er ein australsk tidlegare friidrettsutøvar frå Melbourne som vart olympisk meister på 800 meter i 1968.
I 1967 deltok Doubell på 800-meter under sommar-universiaden 1967 i Tokyo, der han vann på tida 1.46,7. Hausten 1968 overraska Doubell stort då OL-finalen på 800 meter fann stad i Mexico-byen. På oppløpssida sprang han forbi kenyanaren Wilson Kiprigut, som låg i teten, og sikra seg gullmedaljen på tida 1.44,3, tangering av verdsrekorden til Peter Snell frå New Zealand.
Etter OL-sesongen kom han ikkje i nærleiken av tidlegare prestasjonar, og skadar leidde til at han la bort piggskoa i 1972.
Remove ads
OL 1968 i Mexico-byen: Gullmedalje – 1,44,3/1.44,40, framom Wilson Kiprigut 1.44,5/1.44,57
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ralph Doubell» frå Wikipedia på engelsk, den 8. oktober 2017.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads