Ramaskrik
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ramaskrik er høge klagerop, ein storm av misnøye.[1]

Uttrykket har opphav i ein profeti i kap. 31 hos profeten Jeremia i Det gamle testamentet. Det lyder klagerop i Rama; Rakel græt for borna sine, som er borte.[2] Profetien er tolka som eit varsel om barnemordet kong Herodes var ansvarleg for då han ville drepe Jesus og derfor sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre.[3]
Rama var ein by om lag 8 km nord for Jerusalem, i stammeområdet til Benjamin. Etter ein tradisjon var Rakel gravlagd i Rama.[4] Jeremia sin profeti kan òg lesast som at Rakel gret i si grav over dei som var daude eller bortførte då Nordriket fall år 722 f.Kr., og over dei som skal bli førte i fangenskap i Babylon.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads