Rammun

From Wikipedia, the free encyclopedia

Rammun
Remove ads

Rammun (arabisk skrift رمّون) er ein palestinsk by i Ramallah og al-Bireh guvernement, sentralt på Vestbreidda, 12 kilometer aust for Ramallah og tre kilometer sør for Taybeh. Andre byar i nærleiken er Deir Dibwan i sørvest, Beitin i aust og Ein Yabrud i nordaust.[4]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Historie og arkeologi

Det er funne mosaikk og cisterner frå oltida i landsbyen.[5]

Van der Velde meinte i 1854 at Rammun vart staden nemnt i Bibelen som Rimmon, Sela Rimmon. Rimmonklippa var staden der benjamittane flkyta til (Domarane 20:45, 47; 21:13), og der dei heldt seg fire månader etter slaget ved Gibeah.[6]

Ein trur òg at han er den Rimmon som er nemnt på Madabakartet, nord for Jerusalem, mellom Bethel og Jeriko.[4]

Det finst ruinar frå bysantinsk tid, krossfarane, ajjubidane, mamelukkane og osmanarane i byen, inkludert mosaikk i moskéen i byen, ei gammal gravgrotte og sanitærgrop. Gravkammeret er datert attende til bysantinsk tid og inneheld keramikklampar, sandalar og krossforma medaljongar.[4]

Osmansk tid

I 1596 var Rammun oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 39 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, og vindruer eller frukttre.[7]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja først landsbyen i 1863, og skildra han som ein landsby med 500 innbyggjarar. Han skreiv òg at det var hogd ut mange grotter i kalksteinsfjellet her, og mange vart framleis nytta av gjetarar og flokkane deira. Gamle cisterner var hogde ut i berget. Husa var delvis bygd av gamle materiale, inkludert somme store blokker av tilpassa naturstein.[8][9]

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Rammun som «ein mellomstor landsby, med cisterner og grotter, tydelegvis ein eldgammal stad. I nordaust var ein djup tank, og sør for denne uthogde graver. Husa står på ei naken høgd nord for ein kupert dal, og er bygd i terrassar.»[10]

Det britiske mandatet era

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Rammun eit folketal på 703, alle muslimar,[11] while i folketeljinga i 1931, landsbyen had 153 busette hus og eit folketal på 744, framleis alle muslimar.[12]

I 1945 var folketalet 970, alle arabarar, medan det samla landarealet var 30 043 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[13] Av dette var 2 338 for plantasjar og irrigert land, 7 181 for korn,[14] medan 61 mål var klassifisert som utbygde område.[15]

Etter 1948

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, kom Rammun under Jordan sitt styre. Etter seksdagarskrigen i 1967, har Rammun vore under israelsk okkupasjon.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads