Ramnen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
For fuglen av same namn, sjå ramn.
Ramnen (frå latin Corvus) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Biletet har berre 11 stjerner som er synlege for det nakne auga (lysare enn storleiksklasse 4,02). Det var eit av dei 48 stjernebileta oppførte av Klaudios Ptolemaios, som berre talde sju stjerner og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta.
Remove ads
Kjende objekt

Stjerner
Fire av stjernene, δ, γ, ε og β Crv dannar ein asterisme.[1] or "the Sail».[2][3]
Dei fire mest lyssterke stjernene i Ramnen er stort sett lite merkverdige. Alfa Corvi, òg kalla Alchiba, er ei kvitfarga stjerne med storleiksklasse 4,0, 40 lysår frå jorda. Beta Corvi er ei gul kjempestjerne med storleiksklasse 2,7, 146 lysår frå jorda. Gamma Corvi, òg kalla Gienah, er den mest lyssterke stjerna i Ramnen med storleiksklasse 2,6, 154 lysår frå jorda. Ho er ei blåkvit kjempestjerne. Delta Corvi, tradisjonelt kalla Algorab, er ei dobbeltstjerne. Det er mogeleg å sjå begge stjernene i små amatørteleskop. Primærstjerna er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 2,9, 88 lysår frå jorda. Sekundærstjerna er ei rosa stjerne med storleiksklasse 9.[4]
TT Corvi er ei halvregulær variabel raud kjempe med spektralklasse M3III og tilsynelatande storleik 6,48, kring 923 lysår unna.[5]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads