Rapsolje
vegetabilsk olje som er henta frå frøa i rapsplanten From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rapsolje er olje pressa ut frå frøa til raps, og er ei av dei eldste kjende planteoljene. Det finst både mat- og industrielle variantar av olja, som blir laga av frøa til ulike kultivarar av plantar frå krossblomfamilien. Historisk var bruken av olja avgrensa på grunn av høgt innhald av erukasyre, som er skadeleg for hjartemuskelen til dyr, og glukosinolat, som gjer henne mindre næringsrik i dyrefôr.[1] Rapsolje kan innehalda opptil 54 % erukasyre.[2] Det blir dyrka mykje raps i Canada, Frankrike, Belgia, Storbritannia, USA, Nederland, Tyskland, Danmark (særleg på Bornholm) og Polen.

Remove ads
Historie

Namnet for raps kjem frå det latinske rapum, som tyder 'nepe'. Nepe, kålrot, kål, rosenkål og sennep er i slekt med raps, som høyrer til kålslekta. Oljefrøvarietetar frå kålslekta er nokre av dei eldste plantane menneske har dyrka, med dokumentert bruk i India for 4000 år sidan og i Kina og Japan for 2000 år sidan.[3]:55 Bruk i Nord-Europa for oljelampar er dokumentert frå 1200-talet.[4] Rapsoljeekstrakt blei fyrst sett på marknaden i 1956–1957 som matprodukt, men desse leid av fleire uakseptable eigenskapar. Rapsolje hadde ein særeigen smak og ein grønaktig farge, ettersom ho inneheldt klorofyll. Ho inneheldt også eit høgt nivå av erukasyre.[5]
Ein ny type rapsolje, kjend som canola i Nord-Amerika, blei danna frå kryssingar av B. napus- og B. rapa-kultivarar aved University of Manitoba i Canada av Keith Downey og Baldur R. Stefansson tidleg på 1970-talet.[6][7] Denne hadde ulikt næringsinnhald frå anna samtidig rapsolje, og eit mykje lågare innhald av erukasyre.[8] Canola var opphavleg eit varermerkenam for Rapeseed Association of Canada, sett saman av «Can» frå Canada og «OLA» frå Oil, low acid,[9][10] men er blitt eit generelt omgrep for etande variantar av rapsolje i Nord-Amerika og Australasia.[11]
I 1995 blei det innført ein genetisk modifisert rapsplante i Canada som tolererte plantegifta Roundup (glyfosat), kalla Roundup Ready canola. Ein genetisk modifisedrt variant utvikla i 1998 er rekna som den mest motstandsdyktige varianten mot sjukdom og tørke til no. I 2009 var 90 % av avlingane i Canada motstandsdyktige mot plantegift.[12] I 2005 var 87 % av rapsen dyrka i USA genetisk modifisert.[13] I 2011 var 8,2 millionar av 31 millionar hektar raps dyrka i verda (26 %) genetisk modifiserte.[14]
Det er ikkje tillate å dyrka genmodifisert raps i Noreg eller EU.[15] Det er likevel opna for å importera rapsolje laga med genmodifisert raps til EU.[16][17] Det er også gjort framlegg om å tillata import av rapsolje frå GMO-raps som fôrmiddel til Noreg.[18]
Remove ads
Produksjon og handel

I 2019 blei det produsert 24 millionar tonn rapsolje i verda, med Canada, Kina og India som dei største produsentlanda, som stod for 40 % av totalmengda.[19] Canada var den største eksportøren av rapsolje i verda i 2019, med 3,2 millionar tonn eller rundt 76 % av den totale produksjonen eksportert.[19]
Kina er den nest største rapsoljeprodusenten i verda, men har framleis eit underskot på olje. I 2015 produserte landet 14 millionar tonn raps, og importerte 4 millionar tonn.[20]
Remove ads
Produksjonsprosessen


Rapsolje blir laga ved at ein varmar frøa litt og så knuser dei.[21] Nesten all kommersiell rapsolje blir så vunne ut med heksan som løysemiddel.[22] Dette blir så vunne ut att etter produksjonsprosessen. Til slutt blir rapsolja raffinert ved hjelp av vassutfelling og organisk syre for å fjerna gummi og frie feittsyrer, filtrering for å fjerna farge og deodorisering ved hjelp av dampdestillasjon.[21] Av og til blir olja bleik for å gje henne ein lysare farge.[23]
Ein kan også laga kaldpressa og expeller-pressa rapsolje i mindre skala.
Rundt 44 % av eit frø er olje, resten av frøet blir typisk brukt som fôr.[21] Rapsolje er ein viktig ingrediens i mange matvarer. Sidan olja har namn som ei sunn matolje, er ho etterspurd over heile verda,[24] og er den mest konsumerte planteolja etter soyaolje og palmeolje.[25]
Olja blir også brukt til anna enn fødemiddel, og kan ofte erstatta ikkje-fornybre, petroleumsbaserte ojler i ulike produkt,[24] som industrielle smøremiddel, biodiesel, lys, leppestift og avisblekk.
Rapsolje er rekna som eit trygt næringsmiddel for menneske.[26][27] Olja har eit relativt lågt innhald av metta feitt og ein god del einumetta feitt, med ei tilhøve på rundt 2:1 til fleirumetta feitt.[28]
Medan olje frå villraps inneheld betydelege mengder erukasyre,[29] er dyrka kultivarar blitt avla fram til å ha innhald på under 2 %,[30] ei mengd som ikkje er rekna som helsefarleg. Det er aldri blitt påvist helseeffektar på menneske ved inntak av erukasyre, men studiar av erukasyremetabolisme i andre artar tyder på at høgt inntak kan verra skadeleg.[31][32]:646–657
Med tida har innhaldet av erukasyre i rapsolje gått ned. I Vest-Canada gjekk det gjennomsnittlege innhaldet ned frå 0,5 % mellom 1987 og 1996[33] til 0,01 % frå 2008 til 2015.[34] Andre rapportar viser også eit innhald under 0,1 % i Australia[35] og Brasil.[36]
=Galleri
- Rapsfrø
- Fabrikk til rapsoljeproduksjon i Hamilton i Canada
- Rapsolje vunne ut som eit eksperiment i Burjatia i Russland
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads