Ray Edenton
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ray Quarles Edenton (fødd 3. november 1926)[1] er ein USA-amerikansk gitarist og countrystudiomusikar.[2]
Edenton var fødd i Mineral i Virginia. Han vert rekna som ein av dei mest aktive studiomusikarane i Nashville og har spelt på meir enn 12 000 innspelingar som medlem av The Nashville A-Team.[3] Den første innspelinga hans var for den amerikanske countryartisten Red Kirk sin versjon av «Lovesick Blues» for Mercury Records i 1949,[4] men den første store hitten han spelte på var Webb Pierce sin «There Stands the Glass frå 1953.[5] Edenton spelte på 26 av dei 27 countryhittane Pierce fekk, og andre kjende innspelingar som Everly Brothers sine «Bye Bye Love» og «Wake Up Little Susie», Marty Robbins sin «Singing the Blues» og Roger Miller sin «King of the Road».[3]
Andre artistar Edenton spelte med var mellom andre Julie Andrews, Beach Boys, Gary Burton, Sammy Davis jr., Henry Mancini, Reba McEntire, Elvis Presley, Leon Russell og Neil Young.[3]
Edenton pensjonerte seg i 1991.[2]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads