Ready Steady Who
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ready Steady Who er ein 7-tommars EP av The Who, gjeve ut berre i Storbritannia 11. november 1966, kring ein månad før albumet deira A Quick One kom ut. Tittelen syner til eit TV-program kalla Ready Steady Go! som bandet nyleg hadde spelt i, men EP-en inneheld andre songar enn dei som vart spelte på TV.
Remove ads
Songar
Plata består av to originale songar av Pete Townshend, i tillegg til coverversjonar av kjenningsmelodien frå Batman og Jan and Dean sin «Bucket T». Dei hadde òg med ein versjon av The Regents sin «Barbara Ann», som var meir kjend i ein versjon av The Beach Boys som The Who følgjer tett. Trass i tittelen vart ikkje EP-en spelt inn på Ready Steady Go!, og innspelingane hadde ikkje noko med fjernsynsshowet å gjere.
Alle songane kom ut som bonusspor på CD-utgåva av A Quick One, frå 1995, utanom «Circles», som skil seg frå versjonen på luksusutgåva frå 2002 av My Generation, og kan finnast på Two's Missing.[1]
Den originale EP-en har låtskrivarane av «Batman» oppført som Jan Berry, Don Altfeld (feilstava «Altfield») og Fred Weider. Songen vart i røynda skriven av Neal Hefti. Dette vart retta opp i CD-utgåva av A Quick One frå 1995
The Who spelte inn songen «My Generation» for EP-en, men denne var ikkje med på plata og versjonen kom først ut i 1995 på A Quick One. Hovudskilnaden mellom denne og originalen er at han er kraftig forkorta og endar med ei utgåve av Edward Elgar sin «Land of Hope and Glory».
Remove ads
Utgjeving og mottaking
EP-en kom ut 11. november 1966 i Storbritannia og berre i mono. Han gjekk til topps på den britiske EP-lista, der plata låg fire veker frå 17. desember 1966.[2]
EP-en kom ikkje ut i USA på den tida og songane vart lenge rekna som sjeldne samlarobjekt. Sjølv om songane «Disguises» og «Bucket T» kom ut i 1968 på samlealbumet Magic Bus: The Who on Tour, vart ikkje resten av songane gjevne ut offisielt i USA får luksusutgåva av A Quick One og Two's Missing.
«Bucket 'T'» vart gjeven ut på singel i fleire europeiske land. Han gjorde det særleg bra i Sverrige, der han låg inne på lista i sju veker og gjekk heilt til topps i februar 1967.[3]
Då EP-en kom ut fekk han middels til gode meldingar. I ei seinare melding skreiv AllMusic-skribenten Richie Unterberger at «det var uklårt om dette var ein spøk eller songar som var til overs» og meinte at «kanskje det var litt av begge deler».
Remove ads
Innhald
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads