Real Life av Simple Minds

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Real Life er det niande studioalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut i april 1991.[4] Det var det første Simple Minds-albumet spelt inn utan klaverspelaren og det originale bandmedlemmet Mick MacNeil, som slutta i bandet kort tid etter den førre turneen var over i 1990. Kjernen i bandet på dette albumet bestod berre av Jim Kerr, Charlie Burchill og Mel Gaynor, medan resten av musikarane var studiomusikarar.

Meir informasjon Simple Minds-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Musikk

Albumet inneheld fleire songar som er omarbeidingar av eldre materiale eller som vart omarbeidd til nye songar på seinare utgjevingar. «Let the Children Speak» er basert på den instrumentale «Theme for Great Cities» frå Sister Feelings Call frå 1981. Ei nyinnspeling av stykket, kalla «Theme for Great Cities '91» kom ut som B-sida til singelen «See the Lights». «Travelling Man» liknar på songen «Waterfront» frå Sparkle in the Rain frå 1983. «When Two Worlds Collide» er basert på tittelsporet og det same er songen «And the Band Played On» frå 1995, som kom ut på det neste albumet, Good News from the Next World. «Women and Ghosts» er ein omarbeidd instrumentalversjon av tittelsporet.

Utgjeving

Albumet nådde andreplassen på den britiske albumlista,[5] og 74. plassen i USA. Det vart gjeve ut fire singlar som alle vart topp 40-hittar i Storbritannia, mellom anna «Let There Be Love», som nådde topp 10. I USA nådde «See the Lights» topp 40 og gjekk til topps på den amerikanske Modern Rock Tracks-lista.[6]

Virgin gav ut ei ommastra utgåve av plata i 2002 og 2003. Desse utgåvene hadde ein lengre miks av «Let There Be Love», som ikkje finst på den originale utgjevinga, sjølv om dette ikkje er nemnt i plateomslaget.

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Burchill og Kerr; utanom der andre er nemnde

Medverkande

Simple Minds
Andre medverkande

Teknisk
  • Dougie Cowan – teknisk master
  • Giles Cowley – miksing, mikseassistent
  • Tony Donald – utstyrskoordinator, utstyrsteknikar
  • Simon Fowler – kunstnarisk leiar, design, fotografi, stylist
  • Efren Herrera – lydteknikar
  • Simon Heyworth – mastering
  • Ted Jensen – mastering
  • Paul Kerr – logistikk
  • Will Malone – orkestrering, orkesterarrangement
  • Heff Moraes – lydteknikar, MIDI-lydteknikar, MIDI-manager
  • Stylorouge – kunstnarisk leiar, design
  • Gary Thomas – lydteknikar
  • Au Yeung, Ying Ho – catering
  • Jane Ventom – A&R

Salslister

Album

Meir informasjon År, Liste ...

Singlar

Meir informasjon Singel, Liste (1991) ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads