Street Fighting Years

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Street Fighting Years er det åttande studioalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut i mai 1989 på plateselskapet Virgin Records verda over, utanom i USA, der det kom ut på A&M.[1] Albumet var produsert av Trevor Horn og gjekk til topps på UK Albums Chart.[2]

Meir informasjon Simple Minds-kronologi, Singlar frå ...
Remove ads

Innspeling

Street Fighting Years vart spelt inn på ei tid då det var endringar i Simple Minds. Det var det siste albumet med klaverspelaren og det opphavlege medlemmet Mick MacNeil.

Mangelen på likskap og sameining i bandet kom snart til syne. Trommeslagaren Mel Gaynor vart sett på sidelinja under innspelinga (visstnok på grunn av ei usemje med Trevor Horn) og vart etter kvart redusert til ein studiomusikar. Mykje av trommespelinga vart gjort av Manu Katché (frå bandet til Peter Gabriel) og Stewart Copeland (tidlegare Police). Bassisten John Giblin — som kom inn i bandet i 1985 for Once Upon a Time, slutta i bandet under eller like etter innspelinga, trass i at han hadde store bidrag til albumet (inkludert låtskrivar på balladen «Let It All Come Down»). Kvifor Giblin slutta er ikkje kjend. Noko av basspartane på albumet vart spelte av produsenten Stephen Lipson.

Remove ads

Musikk

Med Trevor Horn og Stephen Lipson som produsentar var albumet ei stor stilmessig endring frå det førre albumet, Once Upon a Time frå 1985. Det hadde framleis ei kjensle av den episke arenarocken bandet hadde utvikla sidan midten av 1980-åra, men gjekk òg bort frå innverknaden frå amerikansk soul og gospel frå føregangaren til ein meir filmatisk atmosfære og bruk av akustisk og keltisk element, og nye instrument som bandlaus bass, slidegitar og trekkspel. Tekstane var blitt meir politiske og dekka tema som skatt, Soweto, Berlinmren og utplasseringa av atomubåtar langs den skotske kysten.

Remove ads

Utgjeving

Albumet kom ut i mai 1989 og vart det fjerde albumet deira som gjekk til topps i Storbritannia.[2] Det same gjorde singelen deira «Belfast Child», som kom ut tre månader før albumet. «This Is Your Land» vart vald ut som den første singelen i USA, men sjølv med gjestevokal av Lou Reed, gjekk ikkje singelen inn på poplista der. Albumet selde relativt dårleg i USA og gav dei ingen hitsinglar der.

For den påfølgjande turneen henta bandet inn att Mel Gaynor som trommeslagar og tok inn Malcolm Foster (frå The Pretenders) som ny bassist. MacNeil vart verande med bandet ut turneen, men slutta brått då turneen var over.

6. mars 2020 gav Simple Minds ut ein plateboks på fire CD-plater av Street Fighting Years på UMC / Virgin Domestic. Denne inkluderte originalalbumet med ommastra lyd, ei plate med B-sider, forkorta utgåver og 12"-miksar, og to plater med ein konsert frå Verona i 1989, i tillegg til ei ny bok med intervju med Trevor Horn. Delar av boksen kom òg ut på to CD-plater.[3][4][5][6]

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Kritikarane var delte i synet på Street Fighting Years. Dei første meldingane var hovudsakleg positive i Storbritannia, medan amerikanarane var meir kritiske, der albumet òg vart ein mindre suksess.[14] Brian Hogg skildra Street Fighting Years som utan tvil «det mest kontroversielle albumet deira.»[15]

Magasinet Q gav albumet fem av fem stjerner og David Sinclair skreiv at dei endeleg hadde skapt ei plate som rettferdiggjorde rykte deira og hylla den hovudsakleg rolege dynamikken.[10] Ian Gittins skreiv for Melody Maker og kommenterte den grandiose karakteren til albumet, som han samanlikna med U2-albumet Rattle and Hum. «I motsetnad til dei verkelege sjelevenene deira i U2, har ikkje The Minds skapt ein kalkun.»[8] Han kritiserte derimot somme av songane som tomt prat.[8] Mike Soutar skreiv i Smash Hits at albumet var «fullt med anthems som kjem til å få publikum til å reise flagga, slik alle ventar av the Minds, men sjølv om songane truleg kjem til å bli episke på konsertane deira, vil dei truleg drive deg til galskap på soverommet ditt.»[11]

Amerikanske Rolling Stone var mindre positiv og Mark Coleman kritiserte dei for å vere politisk tomhovuda: «Street Fighting Years står som eit uheldig døme på politisert rock i sitt aller enklaste.»[9] Han meinte òg at produksjonen var for glatt og skildra det som «så studioglatt at kvar song - om det er eit rop om å ta til våpen ('Take a Step Back') eller ein flytande, ambient meditasjon ('Let It All Come Down') – nesten glir ut av høgtalarane.»[9]

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Simple Minds, utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Simple Minds
Andre medverkande
  • John Giblin – bassgitar og bandlaus bassgitar, kontrabass (1)
  • Stephen Lipson – ekstra bassgitar, produsent
  • Manu Katché – trommer (1, 2, 9)
  • Mel Gaynor – trommer (4, 8, 10)
  • Stewart CopelandLinnDrum (ikkje oppført) (3, 6)
  • Leroy Williams – perkusjon (1, 2, 8, 9, 10)
  • Sidney Thiam – ekstra perkusjon
  • Abdul M'boup – ekstra perkusjon
  • Maureen Kerr – tinnfløyte, bodhran
  • Roger Sharp – sekkepipe
  • Lisa Germano – fiolin (1, 4, 9)
  • William Lithgow – cello
  • Sheena McKenzie – cello
  • John Altman – orkesterarrangement
  • Lou Reed – ekstra solovokal på «This Is Your Land»
  • Lorna Bannon – korvokal

Teknisk
  • Dougie Cowan – teknisk master
  • Robin Hancock – lydteknikar
  • Guido Harari – fotografi
  • Simon Heyworth – mastering
  • Trevor Horn – produsent
  • Paul Kerr – logistikk
  • Stephen Lewis – snakking
  • Bob Ludwig – mastering
  • Heff Moraes – lydteknikar
  • Martin Plant – assisterande lydteknikar
  • Steve Ralbovsky – snakking
  • Willie P. Richardson – snakking
  • Danton Supple – assisterande lydteknikar
  • Jane Ventom – koordinasjon
  • Gary Wathen – snakking
  • Ying Ho Au Yeung – catering
Remove ads

Salslister

Album
Meir informasjon Liste (1989), Plassering ...

Singlar

Meir informasjon Singel, Liste (1989) ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads