Red Blooded Woman
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Red Blooded Woman» er ein pop- og R&B-song skriven av dei britiske låtskrivarane Johnny Douglas og Karen Poole, og framført av Kylie Minogue på det niande studioalbumet hennar, Body Language frå 2003. Songen vart produsert av Douglas og fekk ei blanda mottaking frå kritikarane. Songen vart utgjeven globalt av Parlophone som den andre singelen frå albummet den 1. mars 2004.
Remove ads
Utgjeving og listeplasseringar
«Red Blooded Woman» vart utgjeven i Storbritannia 1. mars 2004. Songen vart den tjuetredje av Minogue som debuterte som Top 5 på UK Singles Chart. Songen slo også godt an utanfor Storbritannia. Singlen nådde Top 10 i Italia, Spania, Danmark, Irland og Australia hvor songen nådde nummer fire. Singlen nådde Top 20 i Tyskland, Finland, Sveits og New Zealand hvor songen nådde nummer nitten.
Grunna god mottaking av dei tidlegare utgjevingane hennar vart «Red Blooded Woman» utgjeve i USA til suksess på Billboard. Minogue hadde tidlegare hatt suksess på danseklubbane med «Can't Get You Out of My Head» og «Slow». Songen vart likevel ingen suksess på Billboard Hot 100, då han ikkje vart noko suksess utanfor dansemarknaden.
Remove ads
Musikkvideo
Videoen vart filma i Los Angeles i 2003, og viser Minogue på ein motorveg i ein trafikkork. Ho forlèt bilen og går rundt på motorvegen. Minogue kjem til ein annan bil og skiftar klede inni han. Iført raud topp og skjørt forlèt Minogue bilen og held fram med gå å rundt på motorvegen mens natta kjem.
Format og sporliste
- CD-singel (Parlophone)
- «Red Blooded Woman» – 4:19
- «Almost a Lover» – 3:40
- Britisk CD 2
- «Red Blooded Woman» – 4:19
- «Cruise Control» – 4:55
- «Slow» (Chemical Brothers Mix) – 7:03
- «Red Blooded Woman» (Video)
- Britisk CD 3
- «Red Blooded Woman» (Whitley Mix) – 5:20
- «Slow» (Chemical Brothers Mix) – 7:03
- «Red Blooded Woman» (Narcotic Thrust Mix) – 7:10
- Australsk CD
- «Red Blooded Woman» – 4:19
- «Cruise Control» – 4:55
- «Almost a Lover» – 3:40
- «Slow» (Chemical Brothers Mix) – 7:03
- «Red Blooded Woman» (Whitley Mix) – 5:20
- «Red Blooded Woman» (Video)
Topplisteplasseringar
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads