Body Language

album av Kylie Minogue From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Body Language er det niande studioalbumet frå den australske songaren Kylie Minogue, utgjeve i november 2003 av Parlophone. Etter den massive kommersielle suksessen til det åttande studioalbumet Fever (2001), samarbeidde Minogue med fleire låtskrivarar og produsentar om å lage eit nytt album, mellom anna Cathy Dennis, Dan Carey, Emiliana Torrini og Johnny Douglas. Albumet vart sertifisert to gonger til platina i Australia, der det selde 140 000 eksemplar, og vart òg sertifisert til platina i Storbritannia, der det selde over 378 000 eksemplar.

Meir informasjon Kritikk, Kylie Minogue-kronologi ...
Remove ads

Albuminformasjon

Body Language var det tredje albumet av Minogue for plateselskapet Parlophone, og vart innspelt sommaren 2003 i Storbritannia, Irland og Spania. Minogue arbeidde med tidlegare samarbeidspartnarar på plata. Albumet klarte ikkje å nå opp til suksessen til forgjengaren Fever, men vart likevel populært i fleire land. Albumet vart utgjeve den 14. november 2003 i Australia og tre dagar seinare i Storbritannia. I USA vart albumet utgjeve den 10. februar 2004.[1] Utgjevinga vart etterfylgd av ein spektakulær konsert med tittelen Money Can't Buy 15. november 2003 i London. Minogue framførte her sju nye songar, saman med nokre av dei eldre hitsa hennar. I juli 2004 vart konserten gjeve ut på DVD, som inneheldt ein uredigert versjon av konserten og i tillegg til framføringar av songane «Slow» og «Chocolate».

Dei australske og japanske versjonane av albumet inkluderte bonussporet «Slo Motion». Den nordamerikanske versjonen av albumet vart utgjeve i 2004 og hadde med eit forbetra spor med musikkvideoen til «Slow» og ei framføring av «Can't Get You Out of My Head» frå konserten Money Can't Buy. Han inkluderte òg to bonusspor, «Cruise Control» og «You Make Me Feel». I USA var nokre versjonar av albumet pakka med seks postkort.

Remove ads

Listeplasseringar og sal

I Australia nådde Body Language andreplassen på ARIA Charts og oppheldt 18 veker i alt på hitlistene.[2] Albumet vart òg sertifisert to gonger platina med sal av 140 000 eksemplar i landet.[3] I Storbritanna nådde albumet sjetteplassen på UK Albums Chart[4] og oppheldt 30 veker i alt på hitlistene.[5] Body Language vart sertifisert platina i landet med sal av 300 000 eksemplar.[6]

Andre stadar nådde Body Language 23. plassen i Austerrike[7] og vart sertifisert gull av IFPI i dette landet med sal av 7 500 eksemplar.[8] I Belgia nådde albumet tiandeplassen på Ultratop i Flandern-regionen og oppheldt 17 veker i alt på hitlistene.[9] Albumet var det fyrste av Minogue som nådde den Topp 10 i regionen.[9] Body Language nådde åttendeplassen i Sveits og oppheldt 17 veker i alt på hitlistene.[10] Albumet vart setifisert gull av IFPI i dette landet med sal av 20 000 eksemplar.[11] I USA nådde albumet 42. plassen på Billboard 200-lista[12] og har til no selt 177 000 eksemplar.[13]

Remove ads

Singlar

«Slow» vart utgjeven i november 2003. Songen kom på fyrsteplassen på både britiske og australske hitlista, i tillegg til i Danmark, Spania og USA på Billboard Hot Dance Club Songs-listene. Songen nådde òg ei plassering blant dei ti mest selde singlane i ei rekkje andre land.

«Secret (Take You Home)» vart utgjeven som ein salsfremjande singel berre i Taiwan tidleg i 2004. Konsertopptredenen av songen frå DVD-en Body Language Live vart brukt som salsfremjande video. Dette vart den mestseljande singelen til Minogue i Taiwan.

«Red Blooded Woman» vart utgjeven i februar 2004. Songen nådde fjerdeplassen på den australske hitlista og femteplassen på UK Singles Chart. Songen har òg nådd toppen i Spania, Danmark, Ungarn, Irland og Italia. I USA nådde songen fyrsteplassen på Billboard-lista.

«Chocolate» vart utgjeven som den tredje og siste singelen den 28. juni 2004 verda over, bortsett frå i Australia der han kom ut månaden etter. Songen debuterte som sjetteplassen på hitlistene i Storbritanna, men nådde ikkje den Topp 10 i Australia.

Sporliste

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

  • Kylie Minogue – vokal, bakgrunnsvokal
  • Niall Alcott – lydteknikar (spor 11)
  • Baby Ash – produsent (spor 2, 5, 10), miksing (spor 2, 5, 9, 10), vokalprodusent (spor 9), bakgrunnsvokal (spor 2)
  • William Baker – visuell retning, styling
  • David Billing – bakgrunnsvokal (spor 4)
  • Chris Braide – alle instrument, bakgrunnsvokal (spor 12)
  • Dave Clews – programmering (spor 6, 7), keyboard (spor 6)
  • Cathy Dennis – produsent, alle instrument, bakgrunnsvokal (spor 12)
  • Johnny Douglas – vokalprodusent, ekstra produsent (spor 3, 4, 8), alle instrument, bakgrunnsvokal
  • Electric J – produsent (spor 9)
  • Steve Fitzmaurice – miksing (spor 3, 4, 8)
  • Dylan Gallagher – pre-produksjon (spor 12)
  • Julian Gallagher – produsent, keyboard, programmering (spor 11)
  • Miriam Grey – bakgrunnsvokal (spor 4)
  • Simon Hale – strengeinstrument
  • Damon Iddins – assistent på miksing (spor 3, 4, 8)
  • London Session Orchestra – orkester (spor 11)
  • Kurtis Mantronik – produsent (spor 4, 8)
  • Tony Maserati – miksing (spor 12)
  • Dave McCracken – programmering (spor 12)
  • Mert and Marcus – fotografi
  • Dave Morgan – gitar, keyboard (spor 11)
  • Dan Carey – miksing (spor 1)
  • Geoff Pesh – mastering
  • Karen Poole – bakgrunnsvokal (spor 6, 7)
  • Geoff Rice – assistent på lydteknikar (spor 12)
  • Richard Stannard – produsent, bakgrunnsvokal, keyboard (spor 11)
  • Alexis Strum – bakgrunnsvokal (spor 2)
  • Sunnyroads – produsentar (spor 1)
  • Danton Supple – lydteknikar (spor 12)
  • Alvin Sweeney – lydteknikar, miksing, programmering (spor 11)
  • Gavyn Wright – orkesterleiar (spor 11)
Remove ads

Topplisteplasseringar

Meir informasjon Toppliste (2003–04), Listeplassering ...
Remove ads

Sertifiseringar

Meir informasjon Land, Sertifisering ...

Utgjevingshistorie

Meir informasjon Land, Dato ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads