Reeves Gabrels

amerikansk låtskrivar og musikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Reeves Gabrels
Remove ads

Reeves Gabrels (fødd 4. juni 1956) er ein amerikansk gitarist, soloartist, låtskrivar, og produsent.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Han har spelt for mange artistar, men er mest kjend for innsatsen sin i bandet Tin Machine (1988-1992) og for å vere David Bowie sin faste gitarist fram til 1999. Den eksentriske og virtuose spelestilen hans har ført til både begeistring og fortviling hos dei som har høyrt han. Reeves Gabrels har òg jobba saman med The Cure, Ozzy Osbourne, Frank Black og ei rekkje andre artistar.

Gabrels har gjeve ut tre album under eige namn. The Sacred Squall Of Now (1995), Ulysses (2000) og Rockonica (2005). På desse albuma figurerer David Bowie, Charlie Sexton, Frank Black, Dave Grohl, Gary Oldman og Robert Smith. Han gav i 1995 òg ut den eksperimentelle jazzskiva A Night in Amnesia saman med gitaristen David Tronzo. Han spelte òg i band som Modern Farmers og Bentmen som begge gav ut album med Gabrels som gitarist.

Gabrels har òg laga filmmusikk og musikk til spela Omikron: The Nomad Soul og Deus Ex.

Remove ads

Diskografi

Tin Machine

David Bowie

Solo

  • The Sacred Squall of Now (1995)
  • Ulysses (Della Notte) (2000)
  • Rockonica (2005)
  • Reeves Gabrels and His Imaginary Friends (2015)
  • Imaginary Friends Live (2017)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads