Return to Ommadawn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Return to Ommadawn er det 25. studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield. Det kom ut 20. januar 2017 på Virgin EMI Records og er ein oppfølgjar til albumet Ommadawn frå 1975.[2] CD/DVD-Audio-utgjevinga inneheld ein 5.1-kringlyd-miks av albumet.[3]

Meir informasjon Mike Oldfield-kronologi ...
Remove ads

Bakgrunn og innspeling

I mars 2014 gav Oldfield ut det førre albumet sitt, Man on the Rocks, som var ei endring frå dei vanlege lange instrumentalane med new age-aktig musikk og i staden bestod av streite rockesongar med vokal. Då Oldfield skulle byrje på det neste albumet sitt spurte han fansen kva slags album dei ønskte å høyre frå han. Han fann ut at dei fleste ønskte lange, akustiskprega musikk som på dei tre første albuma hans, Tubular Bells (1973), Hergest Ridge (1974) og Ommadawn (1975), og oppfatta sistnemnde som ein særskild favoritt blant fansen. Dette inspirerte Oldfield til å lage ein oppfølgjar til Ommadawn, som han uansett hadde tenkt på ei stund. Albumet Amarok frå 1990 var opphavleg meint å vere Ommadawn II, før materialet «gjekk i ei anna retning» og ideen vart skrinlagd. I tillegg ønskte Oldfield å lage ein oppfølgjar etter at han hadde chatta med den franske musikaren Jean-Michel Jarre, som sa han var fan av Oldfield og ønskte eit samarbeid, men at han rekna musikken hans for å vere «for akustisk». Oldfield sa: «Dette fekk meg til å tenkje. Om nokon som han meiner eg er ein akustisk musikar, så viser det kor viktig den delen av karrieren min har vore.»[1]

Return to Ommadawn er det første albumet hans sidan Incantations (1978) som følgjer formatet med eitt spor per vinylside, som berre vart kalla «Part one» og «Part two».[1]

Albumet fekk middels god kritikk, og har ein score på 64 av 100 på Metacritic.[4] Albumet gjekk til topps på den spanske albumlista.[5]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Mike Oldfield spelte alle instrumenta sjølv.

Salslister

Meir informasjon Liste (2017), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads