Revsnes ferjekai i Lærdal

ferjekai i Lærdal From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Revsnes ferjekai var eit ferjeanlegg på Revsnes, midtvegs langs fjorden mellom Lærdalsøyri og Frønningen i Lærdal kommune i Vestland, og inngjekk i dåverande Europaveg 68 med ferjesambandet Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen.

Sjå òg Revsnes (fleirtyding).
Kjappe fakta Kategori, Underkategori ...

Kaianlegget og den 14 kilometer lange vegen hit frå Lærdalsøyri vart bygd for å korte ned overfartstida til Kaupanger og dåverande E68 Gudvangen. Med dette vart sambanda lagde opp på nytt og Revsnes tok over trafikken frå Lærdal ferjekai (Habben) for alle samband frå 1966. Likevel måtte Habben brukast titt og ofte i etterkant då den nye vegen til Revsnes var svært rasutsett og vegen vart stengd mange gonger.

I 1995 opna ny Riksveg 5 mellom Kaupanger og Lærdal, og med dette Fodnestunnelen til Fodnes ferjekai og det nye ferjesambandet Mannheller-Fodnes. Med dette vart Revsnes ferjekai lagd ned, medan Habben nok ein gong vart nytta av stamvegferja til Gudvangen for å ta unna europavegtrafikken fram til opninga av Lærdalstunnelen i 2000.

I dag er vegen mellom Vindedal og Revsnes klassifisert som privat veg, men må reknast som rasfarleg og uframkomeleg. Revsnes ferjekai er framleis intakt, men ferjelemmane er borte.

Remove ads

Liste over samband med stopp på Revsnes ferjekai:

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads