Fylkesveg 53
veg i Oppland og Sogn og Fjordane From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fylkesveg 53 (Fv53) er vegstrekninga som går mellom Tyinkrysset i Vang og Lærdal, via Årdal. Veglengda er 71,6 km, av dette 13,3 km i Innlandet og 58,3 km i Vestland.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fylkesveg 53 (fleirtyding).
Strekninga er mest kjend for fjellovergangen Tyin–Årdal, som i utgangpunktet ikkje er vinterstengd, men som kvar vinter har kolonnekøyring eller må stengast mellombels på grunn av uvêr, rasfare eller anna.
Med utgangspunkt ved Tyinkrysset går fylkesvegen av frå E16 ved Tyinkrysset, forbi det tidlegare Tyin Hotell, langs den sørvestre breidda av Tyin, over fjellet og ned til Øvre Årdal, vidare langs den sørlege breidda av Årdalsvatnet til Årdalstangen og så langs den sørlege breidda av Årdalsfjorden før vegen endar i riksveg 5 ca. 1,5 km frå Fodnes ferjekai.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trødde i kraft har han status som fylkesveg.
Remove ads
Historikk
Vegen gjekk opphavleg berre mellom Tyin og Årdalstangen, der han gjekk til dåverande Årdalstangen ferjekai og trekantsambandet Kaupanger-Lærdal-Årdal. I 1982 vart vegen forlenga til Naddvik, og i 1993 heilt til Fodnes og nye Fodnes ferjekai med ferjesamband til Kaupanger. To år etterpå opna ny Riksveg 5 mellom Kaupanger og Mannheller ferjekai, ferjesambandet Mannheller-Fodnes, og Fodnesstunnelen mellom Aspvikane og Lærdalsøyri. Med dette vart vegen mellom Fodnes og Aspvikane del av Rv5, og Aspvikane vart det nye endepunktet til Fv53.
Remove ads
Kommunar og knutepunkt
Innlandet
Tyinkrysset
- 252 Tyin Hotell → Eidsbugardvegen til Tyinholmen og Eidsbugarden
Det høgaste punktet på vegen, 1117 moh.
Vestland
Holsbrutunnelen (95 m)
Jåtelitunnelene I og II (89 og 106 m) (1 vendetunnel)
Rausdalstunnelene I og II (97 og 112 m) (vendetunnelar)
- Fv5631 Øvre Årdal → Storevegen til Hjelle
- → Fv5632 til Tindevegen
Naustbukttunnelen (1060 m)
Midnestunnelen (1240 m)
Steiggjatunnelen (1550 m)
Fv5633 Årdalstangen → Tangevegen til Seimsdalen
Finnsåstunnelen (2412 m)
Kolnostunnelen (658 m)
- Naddvik
Timreskredtunnelen (1011 m)
Bermålstunnelen (1639 m)
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Statens vegvesen – trafikkmeldingar Fv53
- Statens vegvesen – trafikkmeldingar
- Statens vegvesen – nattestengingar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads