Rheinfelden i Aargau
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rheinfelden er ein kommune i kantonen Aargau i Sveits. Rheinfelden er hovudstad i eit distrikt (Bezirk) som har namn etter kommunen. Kommunen har 11 960 innbyggjarar (2010) og eit areal på 16 km². Kommunesenteret ligg 280 meter over havet.
Rheinfelden ligg 15 kilometer aust for Basel. Namnet tyder markane ved Rhinen, og landsbyen ligg ved Hochrhein. På motsett side av Rhinen ligg den samnemnde byen Rheinfelden, i delstaten Baden-Württemberg, dei to byane utgjorde eit heile fram til Napoleon Bonaparte la den tysk-sveitsiske grensa langs Rhinen i 1802. Dei to Rheinfelden er framleis knytt til ein annan, både sosialt og økonomisk.
Det mest omtykte ølet i Sveits, Feldschlösschen, vert brygga i kommunen.

Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2011.
Bakgrunnsstoff
- (tysk) Offisiell nettstad
- Feldschlösschen bryggeri
- (tysk)Bilete av Rheinfelden Arkivert 2016-11-19 ved Wayback Machine.
[[Kategori:Kurstader i Sveits
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads