Al Casey

amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Alvin Wayne Casey (26. oktober 193617. september 2006) var ein USA-amerikansk gitarist. Han var hovudsakleg kjend som studiomusikar, men gav òg ut sine eigne plater og fekk tre hittar på Billboard Hot 100 i USA. Bidraga hans til rockabilly gjorde at han vart innlemma i Rockabilly Hall of Fame.[1] Han samarbeidde med produsenten Lee Hazlewood med artistar som Duane Eddy og Sanford Clark.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Biografi

Casey var framleis i tenåra då han byrja å arbeide med Lee Hazlewood i Phoenix i Arizona, og introduserte Hazlewood or Sanford Clark. Hitten til Clark, «The Fool», var produsert av Hazlewood. Bandet til Casey akkompagnerte Clark på desse singlane og andre plater som vart spelte in under Hazlewood. Casey var òg i bandet til Duane Eddy, The Rebelss, der han spelte piano, sjølv om han er meir kjend for å spele gitar. Casey skreiv òg ein av dei tidlege hittane til Eddy, «Ramrod», i tillegg til å vere medlåtskrivar på ein annan Eddy-hit, «Forty Miles of Bad Road», i lag med Duane.

Tidleg i 1960-åra delte Casey tida si mellom innspelingar i Los Angeles og Phoenix, og arbeidde med si eiga gruppe, The Al Casey Combo. Med den «twangy» bakgrunnen hans med Eddy og surferockinnspelingane hans kort tid etter, var det noko overraskande at den første suksessen hans var bluesaktige rockeinstrumentalar med jazzaktig orgelspel (av Casey sjølv). «Cookin'» nådde 92. plassen på poplista og oppfølgjaren «Jivin' Around» gjorde det litt betre med ein 71. plass på poplista og 22. plassen på R&B-lista i USA. I 1963 kasta han og Hazlewood seg på surfebølgja og spelte inn eit heilt album med surferockmusikk, hovudsakleg med songar av Hazlewood. Ein singel frå albumet, «Surfin' Hootenanny» (med kvinneleg vokal av The K-C-Ettes, òg kjend som The Blossoms), vart den største hitten til Casey, ein 48. plass på hitlista. Med på innspelinga var Leon Russell på orgel og Hal Blaine på trommer.

Solokarrieren til Casey ebba ut då det vesle, sjølvstendige selskapet han spelte for, Stacy, lukka kring 1964. Casey arbeidde sidan hovusakleg som studiomusikar og spelte inn med artistar som The Beach Boys, Eddy Arnold og Frank Sinatra. Han dreiv òg ein musikkforretning i Hollywood seint i 1960-åra og spelte som medlem i bandet på fjernsynsshowet til Dean Martin. Midt på 1990-talet gav han ut ei soloplate for Bear Family, Sidewinder.

Remove ads

Diskografi

Meir informasjon Artist, Album ...

[2][3]

Remove ads

TV og Film

Meir informasjon Artist, Songtittel ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads