Klaus Schulze

tysk electronica-musikar og komponist From Wikipedia, the free encyclopedia

Klaus Schulze
Remove ads

Klaus Schulze (4. august 194726. april 2022) var ein tysk electronica-musikar og komponist. Han har òg nytta aliaset Richard Wahnfried. Han var ei kort stund medlem av electronicabanda Tangerine Dream og Ash Ra Tempel før han konsentrerte seg om solokarrieren sin, der han i løpet av fem tiår har gjeve ut meir enn 60 album.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Biografi

I 1969 var Klaus Schulze trommeslagar i ein av dei tidlege utgåvene av Tangerine Dream og spelte på debutalbumet Electronic Meditation.[1] Han møtte Edgar Froese frå Tangerine Dream i Zodiac Club i Berlin i Vest-Tyskland. I 1970 slutta han i denne gruppa for å danne Ash Ra Tempel[1] i lag med Manuel Göttsching og Hartmut Enke. I 1971 slutta han i denne gruppa òg, etter berre eitt album, for å konsentrere seg om solokarrieren sin. I 1972 gav Schulze ut debutalbumet sitt, Irrlicht med orgel og innspelinga av eit orkester som var filtrert gjennom så mange effektar at det ikkje var mogeleg å kjenne att. Trass i at han ikkje nytta synthesizerar vert dette proto-ambient-verket rekna som ein milepåle i elektronisk musikk. På det neste albumet hans, Cyborg, nytta han ein EMS Synthi A-synthesiser.

Sidan den gong har Schulze vore særs aktiv og gjeve ut meir enn 40 originale album. Høgdepunkt av desse er mellom andre Timewind i 1975, Moondawn i 1976 (det første albumet hans med Moog synthesiser), Dune i 1979, og det doble In Blue frå 1995. I 1976 starta han i lag med den japanske perkusjonisten og låtskrivaren Stomu Yamashta den kortliva «supergruppa» Go,[1] med mellom andre Steve Winwood, Michael Shrieve og Al Di Meola. Dei gav ut to studioalbum, (Go i 1976 og Go Too i 1977).

Klaus Schulze hadde ein meir organisk lyd enn mange andre electronicamusikarar på denne tida. Ofte nytta han ikkje-elektroniske instrument, som akustisk gitar eller manneleg operastemme.

Remove ads

Diskografi

Album

Meir informasjon År, Tittel ...

Richard Wahnfried-album

Komponert av Schulze og framført med gjesteartistar under aliaset Richard Wahnfried:

Meir informasjon År, Tittel ...


The Dark Side of the Moog-serien

The Dark Side of the Moog er eit samarbeid mellom Klaus Schulze og Pete Namlook, (òg med Bill Laswell på 4 til 7). Kvar tittel er ein referanse til Pink Floyd-songar og album.

Meir informasjon År, Tittel ...

The Evolution of the Dark Side of the Moog er eit samlealbum med utdrag av dei åtte første platene.

Samarbeid

Meir informasjon Year, Title ...
Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads