Richie Faulkner
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Richard Ian Faulkner (fødd 1. januar 1980) er ein engelsk gitarist.
Faulkner vart fødd i London. Tidleg i karrieren sin spelte han i band som Dirty Deeds, Voodoo Six, Ace Mafia og bandet til Lauren Harris. Den 20. april 2011 vart han utpeikt som etterfølgjaren til K.K. Downing i heavy metal-bandet Judas Priest.[1]
Den første konserten hans med bandet var 25. mai 2011 på American Idol, der bandet spelte «Living After Midnight» og «Breaking the Law» med James Durbin.[2]
Han har òg arrangert musikk for heavy metal-albumet til skodespelaren Christopher Lee Charlemagne: The Omens of Death, som kom ut på 27. mai 2013 på 91-årsdagen til Lee.
Remove ads
Diskografi
- Deeds – Blown (2002)
- Voodoo Six – Feed My Soul (2006)
- Lauren Harris – Calm Before the Storm (2008)
- Ace Mafia – Vicious Circle (2009)
- Parramon – Dead People (2010)
- Christopher Lee – Charlemagne: The Omens of Death (2013) (arrangør av sju av ti spor)
- Primitai – Rise Again (2013) (gjest)
- Judas Priest – Redeemer of Souls (2014)
- Judas Priest - Battle Cry Live (2016)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads