Redeemer of Souls
album av Judas Priest From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Redeemer of Souls er det 17. studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Judas Priest, gjeve ut 8. juli 2014. Det var det første albumet deira sidan Nostradamus i 2008 og det første utan den opphavlege gitaristen K.K. Downing, som trekte seg frå bandet i 2011 og var erstatta av den nye gitaristen Richie Faulkner.[1] Albumet selde kring 32 000 eksemplar i USA den første veka og nådde sjetteplassen på Billboard 200-lista, den høgaste plasseringa bandet oppnådde i USA og det første albumet deira som nådde topp 10 i USA.[2] I februar 2016 hadde albumet selt 110 000 eksemplar i USA aleine.[3]
Remove ads
Bakgrunn
I januar 2011 vart det annonsert at Judas Priest skreiv på nye songar som var meint å vere det siste albumet deiras på grunn av ein tidlegare annonsert farvellturné kalla Epitaph World Tour, men bandet klargjorde at Epitaph-turneen ikkje tydde slutten for bandet.[4] I april 2011 annonserte gitaristen K.K. Downing, som hadde vore med i bandet gjennom heile karrieren, at han slutta i bandet på grunn av usemjer med bandet og managerane. Richie Faulkner, gitarist for bandet til Lauren Harris, vart henta inn som erstattar.[5][6]
28. april 2014 avslørte bandet tittelen på albumet og gav ut tittelsporet for digital strøyming på den offisielle nettsida si.[7] Sporlista vart annonsert fire dagar seinare.[8]
Remove ads
Albumet
Gitarist Glenn Tipton sa at fansen ikkje måtte vente seg mykje eksperimentering. «Tidlegare har me vorte angripne for å vere for dristige musikalsk... så me har lytta» sa han. «Frå start til slutt er Redeemer of Souls 18 songar med rein, klassisk Priest-metal.»
Albumet kom ut med fem bonusspor i ei luksusutgåve. Desse vart gjeve ut på ei avgrensa 10" vinylplate kalla 5 Souls for Record Store Day 2014.[9]
Remove ads
Mottaking
Redeemer of Souls fekk stort sett god omtale av kritiakrane og vart rekna som ein tilbakekomst for bandet, etter lunken mottaking av det førre albumet Nostradamus. Chad Bowar skreiv for About.com at den nye gitaristen Richie Faulkner verka å bringe «energi» til bandet - og at sjølv om han var i 60-åra no, var røysta til Halford framleis særs bra. Bowar hylla fleire av songane på albumet, som «Sword of Damocles» og «Battle Cry.»[11]
James Christopher Monger skreiv for Allmusic at albumet var «motsetnaden» til Nostradamus frå 2008. Monger meinte «Dragonaut» og «Metalizer» var høgdepunkta på albumet og sa at Redeemer of Souls fortente å samanliknast med album som Sad Wings of Destiny og British Steel.[12]
Ray Van Horn jr. på Blabbermouth.net sa at Faulkner og Tipton høyrdest «heilt greie ut i lag, byta soloar og heldt riffa stramt i lag», men sakna likevel K.K. Downing.[13]
I tillegg til at albumet fekk gode meldingar plasserte Brave Words & Bloody Knuckles albumet på tredjeplassen på lista si for 2014.[20]
Innhald
Alle spor skrivne av Glenn Tipton, Rob Halford og Richie Faulkner[8]
Remove ads
Medverkande
- Judas Priest
- Rob Halford – vokal
- Glenn Tipton – gitar, synthesizer
- Ian Hill – bassgitar
- Scott Travis – trommer
- Richie Faulkner – gitar
- Produksjon
- Produsert og miksa av Mike Exeter og Glenn Tipton
- Mastra av Dick Beetham
- Plateomslag av Mark Wilkinson
- Spesialeffektar av David Farmer
Lister
Vekeslister
Årslister
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads