Ricky Martin
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Enrique Martín Morales, kjend som Ricky Martin (fødd 24. desember 1971) er ein puertoricansk popmusikar og skodespelar som oppnådde stor internasjonal merksemd og popularitet med hitsongar som «Livin' la Vida Loca», «She Bangs» og fleire album. Martin var fyrst medlem av gutegruppa Menudo og etter 1991 som soloartist.
Remove ads
I løpet av sin musikalske karriere har han selt over 60 millionar album over heile verda. Martin har fleire gongar blitt nominert til ein av dei «50 vakraste personane i verda» av blad som People magazine og spanskspråklege People en Español mellom 2000 og 2006.
Han grunnla den veldedige organisasjonen Ricky Martin Foundation (spansk Fundación Ricky Martin), som arbeider for levevilkåra til barn, i 1997.[1]
Remove ads
Privatliv
I august 2008 blei Ricky Martin far til tvillinggutar ved hjelp av ei surrogatmor. Han stod i 2010 fram som homofil på den offisielle nettstaden sin.
Album
- Ricky Martin (1991)
- Me Amarás (1993)
- A Medio Vivir (1995)
- Vuelve (1998)
- Ricky Martin (1999)
- Sound Loaded (2000)
- Almas del Silencio (2003)
- Life (2005)
- Música + Alma + Sexo (2011)
- A Quien Quiera Esuchar (2015)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads