Ride My See-Saw
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Ride My See-Saw» er ein song frå 1968 av det engelske progrockbandet The Moody Blues. Han vart skriven av bassisten i bandet, John Lodge, og først gjeven ut på albumet In Search of the Lost Chord. Songen var den andre singelen frå albumet. Den første var «Voices in the Sky». «Ride My See-Saw» er ein av dei energiske rockesongane John Lodge var kjend for, og vert stundom rekna som ein av dei mest populære songane hans for the Moody Blues i lag med «I'm Just a Singer (In a Rock and Roll Band)».
Singelen vart gjeven ut i oktober 1968 med Mike Pinder sin «A Simple Game» som B-side. «A Simple Game» vart sidan spelt inn av Four Tops og denne nådde 3. plass i Storbritannia i 1972. Songen vart òg sampla av Phi Life Cypher på songen «Free».
På dei fleste konsertane til the Moody Blues vert «Ride My See-Saw» spelt som ekstranummer.
Remove ads
Medverkande
- Justin Hayward: elektrisk gitar, vokal
- John Lodge: bassgitar, vokal
- Mike Pinder: mellotron, vokal
- Ray Thomas: tamburin, vokal
- Graeme Edge: trommer, perkusjon, vokal
Lister
I media
Ein instrumental versjon av «Ride My See-Saw» vart nytta som kjenningsmelodi for det kanadiske frokostshowet Canada AM på CTV i 1970-åra.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ride My See-Saw» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2012.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads