Rigel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Rigel
Remove ads

Rigel, med Bayernemninga Beta Orionis (β Ori, β Orionis), er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Orion og den sjuande mest lyssterke stjerna på nattehimmelen, med tilsynelatande storleiksklasse 0,12. Sett frå jorda er ho i røynda eit trippeltsystem der primærstjerna (Rigel A) er ei blåkvit superkjempe med absolutt storleiksklasse −7,84 og kring 120 000 gonger så lyssterk som sola. Ho er ein Alfa Cygni-variabel, som pulserer periodisk. Rigel B er synleg i små teleskop og er i seg sjølv ei spektroskopisk dobbeltstjerne, som består av to blåkvite stjerner i hovudserien med spektralklasse B9.

Kjappe fakta Observasjonsdata Epoke J2000.0 Ekvinoks J2000.0, Karakteristikk ...

Spektroskopiske estimat av avstanden til Rigel er mellom 700 og 900 lysår, medan parallaksemålingar frå Hipparcos-satellitten gav avstanden til å vere 860 lysår, med ein feilmargin på kring 9 %.[1] Rigel A er ei blå superkjempe, med kring 21 solmassar, og skin kring 120 000 gonger kraftigare enn sola. Overflatetemperaturen hennar er kring 12 100 K.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads