Right av David Bowie

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Right» er ein song av den engelske musikaren David Bowie frå albumet hans Young Americans, utgjeven 7. mars 1975. Han vart spelt inn 14–18. august og 20–24. november 1974 i Sigma Sound i Philadelphia,[2] «Right» er det siste av fire spor på side ein av albumet,[3] og kom òg ut som B-sida til singelen «Fame», gjeve ut i august 1975.[1]

Meir informasjon A-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Musikk og tekst

Repetisjonen av hovudteksten — «Taking it all the right way / Never no turning back» — den dominerande perkusjonen og bassen, og vektlegginga av korsongarane, gjorde «Right» til ein av dei «autentiske soul»-songane på albumet, i følgje musikkprofessoren Ian Chapman. Chapman skreiv «her er ingen løynd Bowie-aktig ironi, brodd eller angst»,[3] sjølv om Alex Petridis kalla han «nervøs, oppspilt sjølvnotat».[4]

Korvokalistar var mellom anna Luther Vandross og ein gammal ven av Bowie, Geoff MacCormack. Det er det einaste sporet på Young Americans med MacCormack. Kall-og-svar-synginga mellom Bowie og korsongarane «gjev ei kjensle av raffinert raffinement til den positive teksten», i følgje Nicholas Pegg.[5] I 1975 kalla Bowie songen eit mantra: «Folk gløymer kvar lyden av instinktet til mennesket er - det er ein dur, eit mantra. Og folk seier 'Kvifor er det så mange populære ting som berre durar av stad?' Men det er det som er poenget. Det når ein viss vibrasjon, ikkje nødvendigvis eit musikalsk nivå.»[5][6]

Mot slutten av filmen til Alan Yentob om Bowie, Cracked Actor (1975), kan ein sjå Bowie, Luther Vandross, Robin Clark og Ava Cherry som øver på «Right» for «Soul-turneen» i 1974, sjølv om songen til slutt aldri vart framført på scenen.[5][6]

Remove ads

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads