Diamond Dogs-turneen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Diamond Dogs-turneen var ein konsertturné av David Bowie i Nord-Amerika i 1974 for å marknadsføre studioalbumet Diamond Dogs (1974). Slutten vart turneen vart kalla The Soul Tour, og omfattar somme songar frå det komande albumet Young Americans (1975).
Remove ads
Førebuingar og detaljar

To månader med øving måtte til for å bli klar til turneen, dels på grunn av avanserte rekvisittar og sceneshow (som skal ha kosta 275 000 per sett,[1] Opphavleg var turneen planlagt slik at dei skulle spele fem konsertar i ein by, før dei drog vidare til den neste, men det vart skrinlagt på eit tidleg planleggingsstadium. Turneen starta i juni 1974 i Montreal i Canada som «Diamond Dogs Tour» (sjølv om produsenten Tony DeFries kalla turneen «The Year of the Diamond Dogs» då han snakka med pressa). Bowie spelte inn radio- og fjernsynsreklamar for turneen, som vart spelt på førehand før turneen kom til kvar by.[2] Turneen hadde fri i august 1974, då Bowie byrja å spele inn det neste studioalbumet sitt, Young Americans. Den 10. oktober 1974, då turneen var komen i gang att, gjekk Bowie bort frå det ekstravagante og overlessa teatralske showet og kalla turneen «The Soul Tour», som heldt fram i Nord-Amerika til desember.[1]
I 1987 fortalte Bowie kor vanskeleg turneen var i starten, før han vart endra til Soul Tour og sa Eg var i dårleg forstand som prøvde å få til det der. Det var ganske spennande, men eg var så blokkert [ler], så rusa under heile greia at eg syns det er utruleg at eg i det heile klarte å kome meg over til andre sida av Amerika med showet før eg gav meg på det.»[3]
Remove ads
Scenedesign
Settet for den teatralske Diamond Dogs-turneen vart bygd for å likne ein by (kalla «Hunger City»),[2] vog seks tonn og bestod av over 20 000 delar som måtte flyttast på, inkludert mange rekvisittar (som gatelamper, stolar og eit podium). Rekvisittane var ikkje klare før seks dagar før showet opna, som førte til mange tekniske problem under turneen. Eit flyttbart podium kollapsa ein gong under ein konsert med Bowie oppå.[2] Settet var delvis basert på verket til den tyske kunstnaren George Grosz.[4] I 1990, då han førebudde seg på Sound+Vision-turneen, fortalte Bowie om vanskane under konsertane og sa «det var moro og farleg, med utstyr som braut saman og bruer som falt frå kvarandre på scenen. Eg sat ofte fast over hovudet på publikum på ein hydraulisk stol etter at 'Space Oddity' var ferdig.»[5]
Andre rekvisittar fungerte som dei skulle. På songen «Big Brother», song Bowie frå innsida av eit «asyl» med mange speglar, og kom fram under den neste songen («Time») frå ei gigantisk hand.[1]
Konserten i Tampa i Florida vart framført utan nokre av rekvisittane fordi sjåføren som køyrte lastebilen med alt utstyret vart foreseinka då han vart stukken av ein veps.[1]
I 1987, då han førebudde Glass Spider-turneen (som tok opp att den teatralske tråden etter Diamond Dogs-turneen), fortalte Bowie om det vanvittige utstyret han brukte under Diamond Dogs-turneen og sa «Me hadde fire skyskraparar på scenen, med bruker som gjekk bakover og framover og opp og ned. Det heile var basert på at det var ein by. Eg hadde dansarar som arbeidde med meg og det var koreografert og verkeleg ei fantastisk musikalsk hending. Eg likte særs godt å arbeide slik».[6]
Remove ads
Konsertopptak
- For meir om dette emnet, sjå David Live.
MainMan, forvaltingslaget til Bowie, planla eit kosnertalbum frå konsertane i juli 1974 i Tower Theater like utafor Philadelphia. Då bandet fekk vite om dette, kravde dei å få betalt standardbeløpet på 5000 dollar per musikar, i tillegg til den normale løna si, ellers nekta dei å spele. Dei fekk sjekkane sine timar før konserten starta, og konsertinnspelinga gjekk føre seg som planlagt.[2][7]
Band
Juni-juli:
September:
|
"The Soul/Philly Dogs Tour" - Oktober-desember:
|
Remove ads
Konsertar
- To konsertar vart framførte den 16. juni i Toronto.
Remove ads
Songar
Frå David Bowie Frå The Man Who Sold the World Frå Hunky Dory
Frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars Frå Aladdin Sane
Frå Pin Ups
|
Frå Diamond Dogs
Frå Young Americans
Andre songar
|
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads