Rim Tim Tagi Dim

From Wikipedia, the free encyclopedia

Rim Tim Tagi Dim
Remove ads

«Rim Tim Tagi Dim» er ein song av og med den kroatiske artisten Baby Lasagna[3]. Songen vann den kroatiske songkonkurransen Dora 2024 og var det kroatiske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Om sangen

«Rim Tim Tagi Dim» er skriven og komponert av Marko Purišić, kjend under artistnamnet Baby Lasagna.[4] Ifølgje Purišić blei songen skriven av han sjølv på soverommet hans, og var inspirert av ei moglegheit han hadde til å ta ein jobb på eit cruiseskip som han avslo.[5] Songen var opphavleg meint å vere utfyllingssong på det framtidige debutalbumet hans, Demons and Mosquitoes, men Purišić innsåg potensialet til songen etter at han steig i strøymetal og bestemte seg for å sende songen inn til Dora 2024.[6] Den 2. januar 2024 blei «Rim Tim Tagi Dim» offisielt kunngjord som ein reservesong for den kroatiske nasjonale finalen for Eurovision Song Contest 2024, Dora 2024.[7]

I ei rekkje intervju uttalte Purišić at songen var inspirert av ei masseutvandring av unge vaksne som forlét Kroatia for betre moglegheiter i framande land.[8][6] For Purišić er songen «ei humoristisk og letthjarta tilnærming» til problemet.[9] Sjølve songen fortel ein historie om ein ung, landleg mann som forlet landsbyen sin for eit betre liv i eit framandt land; sjølv om han er spent, er han fortsatt plaga av angst for å flytte.[8][9][5] Purišić blei også inspirert av sin eigen angst. I songteksten fungerer «rim tim tagi dim» som namnet på ein fiktiv folkedans frå heimbyen til mannen.[10] Lydmessig har «Rim Tim Tagi Dim» element av techno, heavy metal, pop og trap.[11][12][13]

Remove ads

Dora 2024 og Eurovision Song Contest

Dora 2024

Den 2. januar 2024 blei Purišić og «Rim Tim Tagi Dim» kunngjort som reservebidrag i Dora 2024, den kroatiske nasjonale finalen til Eurovision Song Contest, i tilfelle nokon skulle trekkje seg frå konkurransen.[14] Dagen etter trekte artisten Zsa Zsa seg frå konkurransen, og Purišić overtok plassen hennar.[15]

«Rim Tim Tagi Dim» klarte å kvalifisere seg frå semifinale 2, som blei arrangert 23. februar.[16] Sundag 25. februar vann songen Dora 2024, den kroatiske uttakinga til Eurovision Song Contest. Som vinnar blei «Rim Tim Tagi Dim» det kroatiske bidraget til Eurovison Song Contest 2024.[17]

Eurovision Song Contest

Kroatia deltok i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai i Malmö.[18] «Rim Tim Tagi Dim» vann semifinalen og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai.[19][20] I finalen enda låten på andreplass med 547 poeng; 210 poeng frå juryane og 337 poeng frå sjåarane.[21][22] Dette var den beste plasseringa til Kroatia i Eurovision Song Contest til då.[23]

Remove ads

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste (2024), Høgaste plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads