Riksveg 150
veg i Akershus og Oslo From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Riksveg 150 (Rv150), på trafikkskilta kalla Ring 3, går mellom vegkrysset Ulvekrysset med vegen Ulvensplitten på Ulven i Bydel Bjerke i Oslo og Lysaker i Bærum på grensa til Oslo. Ring 3 dannar eit samband mellom Europaveg 18 og Europaveg 6 utanom bykjerna, og er ein sterkt trafikkert stamveg med to gjennomgåande felt i kvar retning. Tidlegare vart Ring 3/riksveg 150 rekna heilt frå Ryenkrysset på Ryen i Oslo, der Europaveg 6 gjekk over i Ring 3, men strekninga mellom Ryen og vegsystemet Ulvensplitten er no vorte ei strekning av Europaveg 6 i staden. Denne strekninga av tidlegare ring 3 er ein naturleg del av Eurpaveg 6, til liks med sjølve Ulvensplitten, ved at Europaveg 6 sør og nord for Oslo vert knytt saman over denne strekninga.

Rikveg 150 er berre skilta som Ring 3, ikkje med riksveg-skilt med riksvegnummeret. Ofte vert vegen berre kalla Store ringvei i daglegtale, som var namnet på vegen før ringvegane i Oslo vart nummererte. No er Ring 1 den ringvegen som går som gjennomfartsåre i sjølve bykjerna, med Ring 2 som den neste og Ring 3 lengst utanfor. Alle desse tre ringvegane dannar eigenleg bogar kring bykjerna, ikkje i ringar.
Sjølv om ring 3 er ein samanhengande veg, er han likevel samansett av strekningar som har fått sine eigne namn. Heile traséen frå Ryenkrysset, inklusive den parten som no er Europaveg 6: Adolf Hedins vei - Hjalmar Brantings vei - Lørentunnelen - Storoveien - Rolf Wickstrøms vei - Tåsentunnelen - Kaj Munks vei - Torgny Segerstedts vei - Viggo Hansteens vei - Ullernchausséen - Granfosstunnelen.
Remove ads
Stekninga frå Lysaker og Fornebu til Ryen
Akershus

166 Tjernsmyr (Lysakerkrysset)
Granfosstunnelene
Oslo



Ullernchausseen
Viggo Hansteens vei
168 Smestadkrysset /
Smestadtunnelen (501 m)
Slemdalsveien, berre frå aust
Bomstasjon Store Ringvei v/Gaustad, berre i austleg retning
Torgny Segerstedts vei
Kaj Munks vei
Rolf Wickstrøms vei
Bergkrysset, berre frå vest
Tåsentunnelen (1284 m)
Maridalsveien, berre frå aust
Nydalsbrua (ca. 110 m)
Betzy Kjelsbergs vei/Sandakerveien, Nydalen
Storoveien
Lørentunnelen
Sinsenkrysset
Sinsenveien, Løren
Hjalmar Brantings vei
Rv150 sluttar nær Valle Hovin, Ring 3 langs E6 vidare til Ryen
Adolf Hedins vei
Teisenkrysset (berre austgåande)
Tvetenveien
Østensjøveien (berre vestgåande)
Brynstunnelen (240 m)
Ryen (Ring 3 er skilta til Ryen og deler trasé med E6 frå Ulven)
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads