Ring of Fire

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Ring of Fire» eller «The Ring of Fire» er ein countrysong gjort populær av Johnny Cash og skriven av June Carter Cash og Merle Kilgore. Singelen finst på Cash-albumet Ring of Fire: The Best of Johnny Cash frå 1963. Songen vart opphavleg spelt inn av syster til June, Anita Carter, på albumet hennar Folk Songs Old and New (1963) som «(Love's) Ring of Fire". «Ring of Fire» vart rangert på fjerdeplass på lista til Country Music Television over dei 100 beste countrysongane gjennom tidene i 2003 og 87. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane nokon gong.

For den geografiske ringformasjonen i Stillehavet, sjå Eldringen i Stillehavet.
Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen vart spelt inn 25. mars 1963, og vart den største hitten i karrieren til Johnny Cash. Han låg sju veker på toppen av singellista i USA. I januar 2010 hadde han seld til gullplate og var blitt lasta ned digitalt 1,2 millionar gonger.[1]

Remove ads

Skriving

I fell into a burning ring of fire
I went down, down, down and the flames climbed higher
And it burned, burned, burned the ring of fire
The ring of fire

June Carter

Sjølv om «Ring of Fire» høyres noko illevarslande ut, syner uttrykket til å bli forelska - som June Carter opplevde med Johnny Cash på dentida. Somme kjelder hevdar at Carder hadde sett uttrykket «Love is like a burning ring of fire» streka under i ein av diktbøkene til onkelen A. P. Carter.[2][3] Ho arbeidde med Kilgore på songen, slik onkelen hadde gjort tidlegare. Ho hadde skrive «There is no way to be in that kind of hell, no way to extinguish a flame that burns, burns, burns».[4]

Den første kona til Cash, Vivian Liberto, skriv om «Ring of Fire» i boka si I Walked the Line. Ho hevdar at June Carter ikkje skreiv songen: «Eg er framleis mållaus når eg høyrer detaljane June fortel om korleis ho skreiv songen for Johnny. Ho skreiv ikkje songen noko meir enn eg gjorde. Sanninga er at Johnny skreiv songen, høg på piller og full, om eit visst kvinneleg organ. I alle dei åra ho har hevda at ho skreiv songen sjølv, visste ho truleg ikkje kva songen i røynda handlar om.» Liberto hevda at Cash valde å gje Carter medlåtskrivar-status fordi «ho trengde pengane».[5]

Songen vart opphavleg spelt inn av syster til June, Anita Carter, på Mercury Records-albumet hennar Folk Songs Old and New (1963) som «(Love's) Ring of Fire». Mercury gav ut Anita sin versjon som singel og han vart vald ut som «pick hit» i magasinet Billboard.

Etter å ha høyrt denne versjonen hevda Cash at han hadde ein drøym der han høyrte songen med «meksikanske horn». Cash sa, «Eg gjev deg fem eller seks månader til, og om du ikkje får ein hit med songen, så kjem eg til å spele inn songen slik eg føler for det».[treng kjelde] Cash merka at det å legge til trompeter var eit steg til side for den vanlege stilen hans.[6]

Då songen ikkje vart ein hit for Anita, spelte Cash inn sin versjon og la på mariachi-aktige horn. Denne stilen vart seinare nytta i songen «It Ain't Me Babe», som vart spelt inn kring same tid. Mother Maybelle og Carter-systrene er med i Cash-innspelinga på harmonivokal. Cash endra nokre av setningane frå Anita Carter-versjonen av songen.

Dottera til Cash, Rosanne, har sagt, «Songen handlar om den forvandlingskrafta i kjærleiken, og og det er dette songen alltid har tydd for meg og det er dette han alltid kjem til å tyde for Cash-borna».[7]

Remove ads

Andre versjonar

Meir informasjon B-side, Eric Burdon & the Animals-kronologi ...
Meir informasjon B-side, Social Distortion-kronologi ...

Det er gjort mange andre versjonar av «Ring of Fire», og den største hitten fekk Eric Burdon & the Animals. Versjonen deira vart spelt inn mot slutten av 1968 og nådde Topp 40 i fire forskjellige land.[8] Seint i 1974 gav the Eric Burdon Band ut ein tyngre versjon. Ein versjon av Alan Jackson med gjestevokal av Lee Ann Womack vart gjeven ut som singel den 6. desember 2010. Han var den første singelen frå samlealbumet hans 34 Number Ones og nådde 45. plass på countrylista i USA.[9]

Remove ads

Salslister

Johnny Cash-versjonen

Meir informasjon Liste (1963/1968), Plassering ...

Eric Burdon and the Animals-versjonen

Meir informasjon Liste (1969), Plassering ...

Alan Jackson-versjonen

Meir informasjon Liste (2010), Plassering ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads