Ringebu

tettstad i Ringebu From Wikipedia, the free encyclopedia

Ringebu
Remove ads

Ringebu er eit sokn og ein tettstad i Ringebu kommune i søre Gudbrandsdalen i Innlandet fylke.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Ringebu sokn

Ringebu sokn har snautt 3 000 innbyggjarar og femnar om bygdene langsmed Gudbrandsdalslågen, frå Frya i nord til Tromsa og Moelva i sør, med tettstaden Ringebu og og den del av tettstaden Fåvang (Tromsnes) som ligg nord for Tromsa. Ringebu stavkyrkje frå 1200-talet ligg 3 km sør for tettstaden.

Ringebu tettstad

Tettstaden Ringebu, òg kalla Vålebru eller Vålebrua, har 1 408 innbyggjarar per 1. januar 2024 og er administrasjonssenter i kommunen. Den voks fram som stasjonsby etter at Ringebu stasjon ved Dovrebanen blei opna i 1896. Namnet Vålebru kjem frå elva Våla, som renn gjennom sentrum, og dei to bruene som går over elva. På folkemunne kallar ein Ringebu sentrum (Vålebrua) for 'Brua', i motsetnad til 'skogen' som vert brukt om området Tollmoen/Tollskogen som ligg på vestsida av jarnbanen. Namnet Vålebru bruker ein mest for å unngå blanding mellom tettstaden Ringebu og Ringebu kommune.

Ringebu hadde det første gatetunet i landet, der hovudgata vart stengd for køyretøy og opna for gjengande. Føretaka trekkjer krambuer ut på gata, og det er ofte underhaldning i hovudgata (Jernbanegata). Jernbanegata er seinare bygd om fleire gonger, men har ivareteke gatetunet med forbod for køyrande, fartsdumper og fysiske sjikanar for å redusere på den nødvendige køyringa av vareleveransar, brann- og sjukebilar.

Ringebu Folkehøgskule ligg i tettstaden.

Meir informasjon Folketalsutvikling på tettstaden Ringebu ...
Thumb
Ringebu stavkyrkje
Thumb
Ringebu rådhus
Remove ads

Kjende personar frå Ringebu

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads