Ringebu stavkyrkje

kyrkje i Ringebu kommune From Wikipedia, the free encyclopedia

Ringebu stavkyrkje
Remove ads

Ringebu stavkyrkje er ei stavkyrkjeRingebu i Innlandet som vart bygd kring 1220.

Kjappe fakta Kyrkjesamfunn, Bispedøme ...

Etter den lutherske reformasjonen vart kyrkja ombygd kring 1630 av byggmeister Werner Olsen. Det spesielle raude tårnet vart ferdig i 1631. Under ombygginga vart dei opphavlege tverrskipa, svalgang og apsis fjerna. Taket innvendig vart og senka.

Kyrkja vart for fyrste gong måla i 1717. På eitt tidspunkt var kyrkja heilt kvitmåla. I 1921 vart kyrkja restaurert. Under dette arbeidet vart dei opphavlege fargane tekne i bruk att.

Remove ads

Utgravingar

Under arkeologiske utgravingar under kyrkja i perioden 1980-1981 vart det funne nær 900 myntar og også andre funn. Dei fleste av myntane er frå mellomalderen og er datert til rundt Håkon Håkonson si tid, 12171263, men det er også funne nokre engelske myntar frå 10231029.

Under kyrkja er det funne stolpehol etter ei eldre kyrkje som har stått på staden på 1100-talet. Denne kyrkja var ei såkalla stolpekyrkje som var vanleg før stavkyrkjene.

Under utgravingane vart det funne fleire kister under golvet og i tverrskipet. Framståande personar, og særleg prestar og familiane deira, vart nokre gonger gravlagt under golvet i kyrkja. Under Ringebu stavkyrkje ligg Baronesse Sophie Amalie Rosenkrantz frå Baroniet i Rosendal. Grunnen til at ho fekk plass var at ho gav fleire gjenstandar til kyrkja. Tyskaren oberstløytnant Poul Friedrich von Dresky i det Oplandske regiment vart gravlagd under kyrkja, og fekk også ei minnetavle hengt opp. Det er to andre minnetavler i kyrkja, etter sokneprest Christopher Kraft og familien hans.


Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads