Rising for the Moon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rising for the Moon er det tiande albumet til det britiske folkrockbandet Fairport Convention. Det nådde 52. plass på den britiske albumlista og var det siste Fairport-albumet med Sandy Denny.
I denne perioden vart bandet av tilhengjarane stundom kalla «Fotheringay Convention» og «Fotheringport Confusion»[2] sidan kjernen i Fotheringay (Denny, ektemannen hennar Trevor Lucas og Jerry Donahue) alle var med i bandet (i lag med Dave Pegg, Dave Mattacks og Dave Swarbrick). Lucas frå Australia og amerikanaren Donahue vart med Pegg, Swarbrick og trommeslagar Dave Mattacks i 1973 for innspelinga av albumet Rosie.[3] Denny reiste med bandet då dei turnerte i 1974 og starta å synge med dei på scenen.[4]
Dette var det første Fairport Convention utan John Wood som produsent,[5] og det einaste utan tradisjonelle songar.[6] Med fleire solide songar på lager, gjekk dei i studio. Sjølv om songane framleis var basert i folkrock, førte produsent Glyn Johns med seg ein meir polert og pop-aktig lyd til innspelinga.[5][6] Mattacks forlet halvvegs under innspelinga og vart erstatta av trommeslagar Bruce Rowland.[5]
Dette var det siste Fairport-albumet som gjekk inn på den britiske albumlista før Red & Gold i 1989. Albumet nådde 52. plass på lista og låg der berre ei veke.[7] Bandet (og særleg Denny) håpte på at Rising For The Moon endeleg skulle verte gjennombrotsalbumet deira, men uheldigvis vart det aldri så populært og i desember 1975, etter å ha turnert med albumet, forlet Donahue bandet, etterfølgd av Denny og Lucas kort tid etter.[6][8] Pegg, Swarbrick og Rowland heldt fram i bandet og nytta erstattarar før dei klarte å overtale Simon Nicol om å kome attende.[9]
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Sandy Denny: vokal, piano
- Trevor Lucas: vokal, rytmegitar
- Dave Swarbrick: vokal, fiolin, mandolin, dulcimer
- Jerry Donahue: sologitar
- Dave Pegg: bass, mandolin, korvokal
- Dave Mattacks: trommer (Rising for the Moon, Restless, White Dress, Dawn, One More Chance)[5]
- Bruce Rowland: trommer (Let It Go, Stranger To Himself, What Is True, Iron Lion, After Halloween, Night-Time Girl)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads