Robbie Shakespeare
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Robert «Robbie» Shakespeare (fødd 27. september 1953)[1] er ein jamaicansk bassgitarist og plateprodusent, mest kjend som eine halvdelen av rytmeseksjonen og produsentduoen innan reggae, Sly and Robbie. Han vart rekna som ein av dei viktigaste reggae-bassistane,[2] og er kjend for sin kreative bruk av elektroniske effektar og produksjonseffektar.[1]
Som ein del av Sly and Robbie har Shakespeare arbeidd med ei rekkje reggaeartistar som U-Roy, Peter Tosh, Bunny Wailer, Dennis Brown, Gregory Isaacs, Sugar Minott, Augustus Pablo, Yellowman og Black Uhuru. Som produsent har han òg arbeidd utafor reggae, for artistar som Mick Jagger, Bob Dylan, Jackson Browne, Cyndi Lauper, Joe Cocker, Yoko Ono, Serge Gainsbourg og Grace Jones.[1][3] Før han slo seg saman med Dunbar var han medlem i studiogruppene The Revolutionaries og The Aggrovators.[4][5]
Remove ads
Utvald diskografi
Sly and Robbie-album
- Rhythm Killers (1987)
- Friends (1998)
- Rhythm Doubles (2006)
- Dubrising (2014)
Andre album
- Serge Gainsbourg - Aux Armes et Caetera (1978)
- Grace Jones – Warm Leatherette (1980)
- Black Uhuru – Sinsemilla (1980)
- Black Uhuru – Red (1981)
- Grace Jones – Nightclubbing (1981)
- Black Uhuru – Chill Out (1982)
- Grace Jones – Living My Life (1982)
- Bob Dylan – Infidels (1983)
- Mick Jagger – She's the Boss (1985)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads